Er Djupedal ein idiot, eller berre politisk inkompetent? Spørsmålet er eigentleg litt teit, sidan definisjonen på ein "idiot" er ein som ikkje har greie på politikk. Og det har verkeleg ikkje Djupedal, i alle høve om ein snakkar om utdanningspolitikk då.Det er ikkje måte på korleis "kunnskapsminister" Øystein Djupedal vert behandla i pressa. Det var barnehage, så var det bordbøn og til sist kunne han altså slå til med at matematikk ikkje er så viktig. Rettare sagt: Han var ikkje uroa over mangelen på realfagslærarar. For realfagslærarar i den vidaregåande skulen er gamle. Dei lærarane eg har er vel +/- 60 år gamle, og urovekkjande mange av dei har rett til senilveka, altså ei femte ferieveke.
Nok om det. Dette uroar ikkje Djupedal. Men det uroar meg, og dei fleste andre. For kven er det som vil arbeide på ein arbeidsplass der omstillingane skjer fortare enn i eit mellomstort reklamebyrå? Der ein med jamne mellomrom vert pepra med meiningslause direktiv og instruksar frå fylkeskommunale byråkratar? (Nokon vil det. Ikkje for å skryte, men skulen eg går på har realfagslærarar med doktorgrad. Og eg trur at årsaka til det, er at skulen gir faen i slike idiotiske direktiv.)
Så tilbake til spørsmålet om Djupedal er ein idiot. Ja, det er han.
- Djupedal er fagleg sett ein idiot. Han har ikkje peiling på utdanningspolitikk eller undervisning. Hadde nokon spurt han om kven John Dewey var, ville han nok ikkje kunne svare. For når målet er å forbetre praksisen til læraren i klasserommet (som er den faktoren som ein enklast kan gjere noko med), må ein ha eit visst grunnlag for å forstå kva som skjer i klasserommet, og kvifor det skjer. Tilrådd pensum: Reidar Myhre: Pedagogisk Idèhistorie. Fabritius Forlag. (I følgje BIBSYS har ikkje ditt eige departementsbibliotek denne boka. Skamme seg! Men ho finst rett oppi gata, på Deichmanske Bibliotek - her).
- Mediemessig er ikkje Djupedal ein idiot, men han er litt på grensa. Om du ikkje vil vere på framsida i VG med sitatteikn kvar dag, rår eg deg til to ting:
Men for å vere litt meir seriøs. Djupedal har heller ikkje politisk nokre sigrar å innkassere. Djupedal har ikkje snudd i friskulesaka, ikkje i saka om nasjonale prøver (sjølv om prøvene ikkje skal avviklast neste år, og kanskje ikkje før 2007), etter- og vidareutdanningstiltaka er like lite målretta, læreplanane skal framleis ha kompetansemål. Og lista er lengre.
Eg veit ikkje kva SV har av ambisjonar i skulepolitikken. Eg vonar dei er større en vetet. For er det noko som har kosta SV mykje, så er det inkompetansen i skulepolitikken.
For all del: Det er ikkje noko gale i å vere mot karakterar, eller mot eksamen (eg er for båe på gymnaset, men usikker på ungdomsskulen). Problemet er at SV ikkje har nokon analyse eller ideologi bak dette kravet. "Karakterar er urettvise" er ikkje argumentasjon, men ikkje-hardtslåande frasepolitikk som spelar på latskapen til elevar. Hovudproblemet er at SV sine skulepolitikarar ikkje har nokon bakgrunn, korkje ideologisk, politisk eller praktisk, som gjer dei i stand til å tolke dei praktiske verknadene av vedtak, eller kunsten å lese mellom linene.
Ta eit ferskt døme: Då "Kunnskapsløftet" skulle behandlast i Stortinget, var SV ivrige forkjemparar for kompetansemål i læreplanane, og endå meir entusiastiske var dei for basiskompetanse, eit omgrep som vart forkasta. Men når Reikvam ser kva følgjer kompetanseomgrepet får, reagerar han slik:
"Utdanningskomiteens leder på Stortinget, Rolf Reikvam (SV), mener atDette syner for alvor den alvorlege avstanden mellom teori og praksis. Det same såg vi med dei nasjonale prøvene, som SV i intensjonen er for, men der dei ikkje likar resultatet.
forslagene til nye fagplaner ikke ivaretar dannelsesprinsippet godt nok." (Utdanning,
30.05.05)
Problemet er todelt. Argumentasjonen til SV, og deira politiske logikk, opererar innafor det domenet som OECD/EU/UFD har laga. SV trur at ein i dei fleste saker berre har dårlege løysingar, ikkje dårlege intensjonar. Difor seier SV seg ofte samde i intensjonen, men ikkje i praksis eller utforming. Dei gongane SV rører seg utafor dette politiske domenet, så er det etter press og mediemerksemd utanfrå. Eit godt døme på dette er saka om nasjonale prøver, eller friskulane.
For det tidligare "marxistiske" partiet må det vere ein skam at statsrådane deira ikkje forstår elementær marxisme: Når det ikkje fungerar i praksis, er det noko gale med teorien. Så ja. Djupedal er ein idiot. Men han er i godt selskap.

1 kommentarer:
Ja, Djupedal er en idiot...
http://jon-bla.blogspot.com/2005/12/djupedal-er-en-idiot
Legg inn en kommentar