11.23.2005

Norsk Stil I

Ny spalte: Sidan eg no har funne ein del nynorskstilar, skal eg publisere dei her. Nokre av dei tykkjer eg er riktig gode, andre er ikkje det. Denne første er skriven hausten 2003.

Noko kjem til å skje

Ein liten fugl kvitrar i den vesle tettstaden Høyanger. Fuglen er lukkeleg uvitande om kva som kan hende i den vesle tettstaden.

Fuglen flyg vidare - over senteret, verket og bolighusa. Fuglen tenkjer ikkje. Fuglen tenkjer ikkje, han jaktar berre på mat og syngjeplass. Fuglen flyg vidare - speider etter dei gune, langstrakte ovnshallane, ser den grå røyken som stig opp av pipene medan arbeidarane på nattskiftet avsluttar arbeidet. Fuglen flyg vidare. Han set seg til og syng utanfor eit lite raudt hus.

Inne i huset bur ein mann saman med familien. Dei sit og et frukost. Over frukostbordet hang portrett av dei fem store - Marx, Engels, Lenin, Stalin og Mao. Ved sidan av heng ein plakat frå Arbeidaranes Kommunistparti. Far er stille. Her ser opp på Lenin. Kva ville han sagt? Kva ville Lenin gjort? Eg tenkjer for mykje, tenkjer han. Klokka er sju. Kanskje dagen vil bringje med seg byrjinga på slutten.

Far set seg i bilen, og køyrer av garde. Han ser etter dei faste, vante stadane - sjukehuset, kyrkja og butikken. Han tenkjer høgt. Han må slutte med dette. Noko kjem til å skje.

Han parkerer bilen utanfor verket og går inn. Han tenkjer ikkje høgt lenger. Møter kollegaane sine blikk i døra. Den gamle kampviljen heng framleis igjen i veggane, sjølv om han snart kan forsvinne.

Fuglen flyg vidare. Flyg som ei einsam kråke opp mot fjella, og skit ned mot Høyanger.

Nede i Høyanger kjøyrer endå ein bil gjennom sentrum. Inne i bilen sit ein stor mann i ein stor blå dress bak rattet. Mannen har ikkje dei fem store på veggen heime. Bilen dreg seg utover fjorden, forbi Vadheim, og oppover dalen. Politisk kvarter surrar i radioen. Mannen tenkjer med. Kva skjer no? Kva skjer?

Heime i det blå huset har ungane gått på skulen. Mor gjekk nett ut døra. Fuglen har vendt tilbake frå fjella. Han sit og syng igjen. Dei fem store stirrar på han gjennom glaset. Fuglen veit enno ikkje kva som kjem til å skje.

Mannen i blå dregg rett flyet. Dei tar seg tid til å vente på ein av deira to passasjerar i dag. Flyet tek av. Mannen i blå dress les Dagens Næringsliv. Han likar ikkje det han les. Han ser ned. Flyet ligg over fjella. Berre ein halvtime att no. Dei har allereie servert mat. Han blar gjennom avisene. Han granskar ein artikkel om Viagra i VG, men legg han raskt frå seg då flyvertinna kjem.

Mannen går ut av flyet, og hastar mot Flytoget. Han tenkjar vidare. Dei andre ser stressa ut. Sikkert på veg til viktige møte dei òg.

På røykjerommet [før røyjelova, forf. anm.] på verket spøker arbeidarane vekk tankane. Dei sleng vitsar om Eivind Reiten. Alle tenkjer, sjølv om dei er for stolte til å seie det høgt.

Mannen i blå dress set seg i ei drosje. Drosja køyrer utover mot Bygdøy [eg veit Hydro har kontor bak slottet, men det visste eg ikkje då. forf. anm]. Mot snobbane. Hadde berre snobbane tenkt på arbeidsplassar. Kanskje han skulle lese Kapitalen. Han finst som teikneserie òg, hadde klubbleiaren sagt.

Reiten sjølv møtte han i døra. Han vart følgd inn på styrerommet. Dei lukker døra.

I Høyanger er alle samla framfor TVen i kantina. Reiten skal forkynne dei heilage ord. Mennene ser deira eigen sjef på skjermen. Reiten startar med nokre byråkratstrofar, før han seier:

"Hydro ser det som naturlig å fortsette produksjonen i Høyanger, så lenge fabrikken er produktiv og tilfredsstiller de inntjeningskrav Hydros ledelse setter. Derfor vil det bli investert penger i en ny produksjonsprosess i 2004. Prosessen vil skape over 50 nye arbeidsplasser. Nærmere detaljer rundt investeringen vil komme i løpet av høsten."

Arbeidarane var tydeleg letta. Kanskje var det ikkje berre vondt med snobbane ute på Bygdøy, tenkte klubbleiaren.

----

Eg fekk 5+ på denne. No veit vi korleis det har gått med Høyanger, men eg var, og er, stolt av dette stykket arbeidarlitteratur. Skrivefeil er retta, og utan ein del graverande ein/ei-feil, ville eg fått seks. Men moro var det.

Neste gong kjem ei novelle om seksuelt misbruk i ei frikyrkje. Denne var så grov at læraren måtte sensurere innhaldet under opplesinga i klassen. Oppdatering følgjer.

3 kommentarer:

Vegard sa...

Fantastisk! Gleder meg til flere!

Driver forsåvidt å leker med tanken på å begynne å skrive nynorsk igjen, etter å ha vært bokmålist i snart seks år :-)

Katarina Storalm sa...

Men nå må det komme flere gamle stiler!

Sigbjørn H sa...

Hydro har, etter det eg veit, flytta kontoret til Lysaker. Berre Yara ligg att i Bygdøy Allé 2. (Det er vel det du meiner med "bak slottet"?) Men du har jo heilt rett i at Hydro òg budde der hausten 2003. Eg har soleis ikkje noko poeng utover å halda deg oppdatert på kvar dei viktigaste kapitalistane er å finna.