11.23.2005

Norsk Stil I

Ny spalte: Sidan eg no har funne ein del nynorskstilar, skal eg publisere dei her. Nokre av dei tykkjer eg er riktig gode, andre er ikkje det. Denne første er skriven hausten 2003.

Noko kjem til å skje

Ein liten fugl kvitrar i den vesle tettstaden Høyanger. Fuglen er lukkeleg uvitande om kva som kan hende i den vesle tettstaden.

Fuglen flyg vidare - over senteret, verket og bolighusa. Fuglen tenkjer ikkje. Fuglen tenkjer ikkje, han jaktar berre på mat og syngjeplass. Fuglen flyg vidare - speider etter dei gune, langstrakte ovnshallane, ser den grå røyken som stig opp av pipene medan arbeidarane på nattskiftet avsluttar arbeidet. Fuglen flyg vidare. Han set seg til og syng utanfor eit lite raudt hus.

Inne i huset bur ein mann saman med familien. Dei sit og et frukost. Over frukostbordet hang portrett av dei fem store - Marx, Engels, Lenin, Stalin og Mao. Ved sidan av heng ein plakat frå Arbeidaranes Kommunistparti. Far er stille. Her ser opp på Lenin. Kva ville han sagt? Kva ville Lenin gjort? Eg tenkjer for mykje, tenkjer han. Klokka er sju. Kanskje dagen vil bringje med seg byrjinga på slutten.

Far set seg i bilen, og køyrer av garde. Han ser etter dei faste, vante stadane - sjukehuset, kyrkja og butikken. Han tenkjer høgt. Han må slutte med dette. Noko kjem til å skje.

Han parkerer bilen utanfor verket og går inn. Han tenkjer ikkje høgt lenger. Møter kollegaane sine blikk i døra. Den gamle kampviljen heng framleis igjen i veggane, sjølv om han snart kan forsvinne.

Fuglen flyg vidare. Flyg som ei einsam kråke opp mot fjella, og skit ned mot Høyanger.

Nede i Høyanger kjøyrer endå ein bil gjennom sentrum. Inne i bilen sit ein stor mann i ein stor blå dress bak rattet. Mannen har ikkje dei fem store på veggen heime. Bilen dreg seg utover fjorden, forbi Vadheim, og oppover dalen. Politisk kvarter surrar i radioen. Mannen tenkjer med. Kva skjer no? Kva skjer?

Heime i det blå huset har ungane gått på skulen. Mor gjekk nett ut døra. Fuglen har vendt tilbake frå fjella. Han sit og syng igjen. Dei fem store stirrar på han gjennom glaset. Fuglen veit enno ikkje kva som kjem til å skje.

Mannen i blå dregg rett flyet. Dei tar seg tid til å vente på ein av deira to passasjerar i dag. Flyet tek av. Mannen i blå dress les Dagens Næringsliv. Han likar ikkje det han les. Han ser ned. Flyet ligg over fjella. Berre ein halvtime att no. Dei har allereie servert mat. Han blar gjennom avisene. Han granskar ein artikkel om Viagra i VG, men legg han raskt frå seg då flyvertinna kjem.

Mannen går ut av flyet, og hastar mot Flytoget. Han tenkjar vidare. Dei andre ser stressa ut. Sikkert på veg til viktige møte dei òg.

På røykjerommet [før røyjelova, forf. anm.] på verket spøker arbeidarane vekk tankane. Dei sleng vitsar om Eivind Reiten. Alle tenkjer, sjølv om dei er for stolte til å seie det høgt.

Mannen i blå dress set seg i ei drosje. Drosja køyrer utover mot Bygdøy [eg veit Hydro har kontor bak slottet, men det visste eg ikkje då. forf. anm]. Mot snobbane. Hadde berre snobbane tenkt på arbeidsplassar. Kanskje han skulle lese Kapitalen. Han finst som teikneserie òg, hadde klubbleiaren sagt.

Reiten sjølv møtte han i døra. Han vart følgd inn på styrerommet. Dei lukker døra.

I Høyanger er alle samla framfor TVen i kantina. Reiten skal forkynne dei heilage ord. Mennene ser deira eigen sjef på skjermen. Reiten startar med nokre byråkratstrofar, før han seier:

"Hydro ser det som naturlig å fortsette produksjonen i Høyanger, så lenge fabrikken er produktiv og tilfredsstiller de inntjeningskrav Hydros ledelse setter. Derfor vil det bli investert penger i en ny produksjonsprosess i 2004. Prosessen vil skape over 50 nye arbeidsplasser. Nærmere detaljer rundt investeringen vil komme i løpet av høsten."

Arbeidarane var tydeleg letta. Kanskje var det ikkje berre vondt med snobbane ute på Bygdøy, tenkte klubbleiaren.

----

Eg fekk 5+ på denne. No veit vi korleis det har gått med Høyanger, men eg var, og er, stolt av dette stykket arbeidarlitteratur. Skrivefeil er retta, og utan ein del graverande ein/ei-feil, ville eg fått seks. Men moro var det.

Neste gong kjem ei novelle om seksuelt misbruk i ei frikyrkje. Denne var så grov at læraren måtte sensurere innhaldet under opplesinga i klassen. Oppdatering følgjer.

Idiot?

Er Djupedal ein idiot, eller berre politisk inkompetent? Spørsmålet er eigentleg litt teit, sidan definisjonen på ein "idiot" er ein som ikkje har greie på politikk. Og det har verkeleg ikkje Djupedal, i alle høve om ein snakkar om utdanningspolitikk då.



Det er ikkje måte på korleis "kunnskapsminister" Øystein Djupedal vert behandla i pressa. Det var barnehage, så var det bordbøn og til sist kunne han altså slå til med at matematikk ikkje er så viktig. Rettare sagt: Han var ikkje uroa over mangelen på realfagslærarar. For realfagslærarar i den vidaregåande skulen er gamle. Dei lærarane eg har er vel +/- 60 år gamle, og urovekkjande mange av dei har rett til senilveka, altså ei femte ferieveke.

Nok om det. Dette uroar ikkje Djupedal. Men det uroar meg, og dei fleste andre. For kven er det som vil arbeide på ein arbeidsplass der omstillingane skjer fortare enn i eit mellomstort reklamebyrå? Der ein med jamne mellomrom vert pepra med meiningslause direktiv og instruksar frå fylkeskommunale byråkratar? (Nokon vil det. Ikkje for å skryte, men skulen eg går på har realfagslærarar med doktorgrad. Og eg trur at årsaka til det, er at skulen gir faen i slike idiotiske direktiv.)

Så tilbake til spørsmålet om Djupedal er ein idiot. Ja, det er han.

- Djupedal er fagleg sett ein idiot. Han har ikkje peiling på utdanningspolitikk eller undervisning. Hadde nokon spurt han om kven John Dewey var, ville han nok ikkje kunne svare. For når målet er å forbetre praksisen til læraren i klasserommet (som er den faktoren som ein enklast kan gjere noko med), må ein ha eit visst grunnlag for å forstå kva som skjer i klasserommet, og kvifor det skjer. Tilrådd pensum: Reidar Myhre: Pedagogisk Idèhistorie. Fabritius Forlag. (I følgje BIBSYS har ikkje ditt eige departementsbibliotek denne boka. Skamme seg! Men ho finst rett oppi gata, på Deichmanske Bibliotek - her).

- Mediemessig er ikkje Djupedal ein idiot, men han er litt på grensa. Om du ikkje vil vere på framsida i VG med sitatteikn kvar dag, rår eg deg til to ting:


  • Les faglitteratur
  • Få deg pipe. Om du skal vere truverdig, så må du skaffe deg eit slikt Reiulf Steen-image. Pipe, hatt og sangrøyst for arbeidarsongar. Slike folk kan seie alt, sjølv dei mest injurierande påstandar passerar Akersgata utan merksemd om det berre verkar som dei kjem frå ein som kan noko, og som har noko å melde. No ser du ut som ein billig pappvindrikkande sofaradikalar frå Kampen. Pleease, få deg ein stylist, eller gå på nemnde bibliotek og les Arbeiderbladet frå 50-talet. Studèr bileta. Om du kler deg som Haakon Lie, vil ingen gå til åtak på deg.

  • Men for å vere litt meir seriøs. Djupedal har heller ikkje politisk nokre sigrar å innkassere. Djupedal har ikkje snudd i friskulesaka, ikkje i saka om nasjonale prøver (sjølv om prøvene ikkje skal avviklast neste år, og kanskje ikkje før 2007), etter- og vidareutdanningstiltaka er like lite målretta, læreplanane skal framleis ha kompetansemål. Og lista er lengre.

    Eg veit ikkje kva SV har av ambisjonar i skulepolitikken. Eg vonar dei er større en vetet. For er det noko som har kosta SV mykje, så er det inkompetansen i skulepolitikken.

    For all del: Det er ikkje noko gale i å vere mot karakterar, eller mot eksamen (eg er for båe på gymnaset, men usikker på ungdomsskulen). Problemet er at SV ikkje har nokon analyse eller ideologi bak dette kravet. "Karakterar er urettvise" er ikkje argumentasjon, men ikkje-hardtslåande frasepolitikk som spelar på latskapen til elevar. Hovudproblemet er at SV sine skulepolitikarar ikkje har nokon bakgrunn, korkje ideologisk, politisk eller praktisk, som gjer dei i stand til å tolke dei praktiske verknadene av vedtak, eller kunsten å lese mellom linene.

    Ta eit ferskt døme: Då "Kunnskapsløftet" skulle behandlast i Stortinget, var SV ivrige forkjemparar for kompetansemål i læreplanane, og endå meir entusiastiske var dei for basiskompetanse, eit omgrep som vart forkasta. Men når Reikvam ser kva følgjer kompetanseomgrepet får, reagerar han slik:


    "Utdanningskomiteens leder på Stortinget, Rolf Reikvam (SV), mener at
    forslagene til nye fagplaner ikke ivaretar dannelsesprinsippet godt nok." (Utdanning,
    30.05.05
    )
    Dette syner for alvor den alvorlege avstanden mellom teori og praksis. Det same såg vi med dei nasjonale prøvene, som SV i intensjonen er for, men der dei ikkje likar resultatet.

    Problemet er todelt. Argumentasjonen til SV, og deira politiske logikk, opererar innafor det domenet som OECD/EU/UFD har laga. SV trur at ein i dei fleste saker berre har dårlege løysingar, ikkje dårlege intensjonar. Difor seier SV seg ofte samde i intensjonen, men ikkje i praksis eller utforming. Dei gongane SV rører seg utafor dette politiske domenet, så er det etter press og mediemerksemd utanfrå. Eit godt døme på dette er saka om nasjonale prøver, eller friskulane.

    For det tidligare "marxistiske" partiet må det vere ein skam at statsrådane deira ikkje forstår elementær marxisme: Når det ikkje fungerar i praksis, er det noko gale med teorien. Så ja. Djupedal er ein idiot. Men han er i godt selskap.

    11.22.2005

    Motstand

    "Breiking news"/"Nytt frå verda"

    Telegrambyrået AP melder at irakiske shia- sunni- og kurdarleiarar har vortne samde om ei fråsegn om "terrorisme" i Irak. Det interessante kjem i midten av artikkelen.

    The final communique, hammered out at the end of three intense days of negotiations at a preparatory reconciliation conference under the auspices of the Arab League, was a clear acknowledgment of the Sunni position that insurgents should not be labeled as terrorists if their operations do not target innocent civilians or institutions designed to provide for the welfare of Iraqi citizens.

    Tilfeldig? Neppe.

    DETROIT, United States (AFP) - Struggling General Motors Corp. said it will close nine North American plants as part of a hard-hitting restructuring plan that will cut 30,000 manufacturing jobs.

    Jf. "Listemani", står eg på ein del epostlister. På nokre av desse tikkar det inn teoriar om kva som eigentleg skjedde 11/9. Eg skal ikkje gå god for nokre av dei. Men eg fekk ein epost for nokre dagar sidan som var litt morosam, alt etter korleis ein tolkar han.

    By the time you finish reading this message.....
    you will know
    who was behind
    911

    Everybody said that it was Ben Ladin and another 11 Arab-fanatics
    in order to punish the imperialist-decadent-USA

    Others suspected the Neo-Cons in order to justify invading Iraq
    and laying their hands on 3.489 Oil Wells.

    Many accused the Mossad in order to widen the gap between
    Christian and Muslim cultures and countries.

    But the truth about 911 is simple and clear
    indisputable and irrefutable.

    The Brain behind it was a German person
    called Ferdinand P. and his team of other German-enthusiast-fanatics. All of them were at a service of a big-Fascist-leader
    with a criminal-world-domination-plans......

    No Sir !!
    it has nothing to do with the Clash of Civilisations

    No Sir !!
    it has nothing to do with Global War on Terror

    Yes Sir !!
    It was about Oil and Power and Supremacy

    Yes Sir !!
    it is a symbol for the lust of Power and Domination

    But who cares !!
    it was anyhow
    an immense triumph
    of a technical achievement
    and a precision in planing and designing
    and an accurate execution of high precision

    Have a look at it !!!

    Porshe 911
    by
    Herr Eng.
    Ferdinand Porshe

    Sherlock Hommos
    a fan of 911 and Ferdinand Porshe

    I dag (i kveld)

    KIEV, Ukraine (AP) -- Supporters and critics of President Viktor Yushchenko began descending Monday on the Ukrainian capital to mark the first anniversary of the Orange Revolution amid complaints that he has not kept his promises....

    BAGHDAD (Reuters) -- U.S. troops fearing a car bomb attack fired on a crowded minivan and killed at least three civilians including a child north of Baghdad on Monday.

    Ja, verda går framover. Eg drista meg til å sjå Store Studio på NRK i kveld, eit program som liknar veldig på Først og Sist, men som er litt meir interessant og litt mindre oslosentristisk. No har dei tre gongar på rad hatt folk frå vestlandet, og då må jo ein sjå. Først var det Olaug Nilssen, så Folgerø og Tokvam og sist var det Datarock.

    Det kjekke er ikkje at programmet (til tross for nokre av gjestane er frå vestlandet) er oslosentristisk, men at dei sjølv på ein slik medviten måte må markere det. Folk utanfrå Oslo må fortelje om kor annleis plassen dei kjem frå er, og kor ulik dei er frå folk i Oslo. For journalistane i Store Studio er Oslo/Verda sivilisasjon, medan Noreg minus Oslo er eit primitivt jordbruksland, der ein har "kultur" på nåde og subsidiar, ein "kultur" som møtelyden i Store Studio må opplysast om.

    Nei, Store Studio illustrerar kvifor ein aldri, aldri skal flytte til Oslo.

    PARIS (BBC) -- Unions in France begin a strike on the country's rail network, halting services in protest at possible privatisation.

    11.21.2005

    Gladmelding til amerikanske borgarar

    The US vice-president says he does not believe it is wrong for opponents to criticise America's Iraq policy.
    -> BBC

    11.18.2005

    Dei upolitiske

    Dei siste åra har det vore populært å flytte makt, og ikkje minst ansvar ut frå "politiske organ". Spesielt kanskje i innvandringspolitikken, der politikarane var lei av å stå til ansvar for upopulære avgjerder og saker.

    I 2004 vart Utdanningsdirektoratet oppretta. Dei skulle ta seg av det meste av sakshandsaming og kontakt nedover i utdanningssystemet. Økonomen Petter Skarheim vart henta som direktør, etter å ha vore ekspedisjonssjef i Utdannings- og forskingsdepartementet, avdelingsdirektør i Finansdepartementet, medlem i eit statleg utval som skulle greie ut statleg eige av sjukehussektoren og vore sekretariatsleiar for kvalitetsutvalet. Han har styrt direktoratet med fast hand sidan juni 2004, men interne kontroversar har det nok vore. Denne artikkelen frå VG illustrerar dette.

    Direktoratet skal liksom vere "fritt", og skal ikkje la seg overstyre. Det går oftast greit, grå byråkratmasse tenkjar ikkje så ulikt anten dei er plassert i regjeringskvartalet eller på Tøyen. Men det er interessant korleis leiinga tilpassar seg departementet og den nye politiske situasjonen:

    "Publisering på åpen del av Skoleporten åpner for at media kan rangere skoler ut fra for eksempel skoleresultater."

    Dette skriv direktoratet i eit brev til UFD. For eit halvt år sidan, ville aldri Utdanningsdirektoratet formulert seg slik. Og direktoratet drøftar drastiske tiltak:

    "Utdanningsdirektoratet vil likevel foreslå at en i det videre arbeidet med indikatorutvikling også vurderer hvorvidt indikatorene bør publiseres på åpen eller lukket del i portalen. Det kan vurderes om resultater på skolenivå bare skal publiseres i pålogget del, mens aggregerte resultater på kommune, fylkes- og nasjonalt nivå publiseres åpent."

    Det er sjølvsagt at leiinga i Utdanningsdirektoratet vil orientere seg og posisjonere seg i høve til Djupedal og resten av regjeringa. Det er klart at når ein i så lang tid har evangelisert for nasjonale prøver og kvalitetsvurdering, så vil ein forsvare det ein driv på med. No er det Djupedal som sit med ballen, og som skal gje Utdanningsdirektoratet og heile resten av skuleverket melding om "kvalitetsvurdering" og nasjonale prøver framleis skal vere honnørord. Men om han vil ha endring, så bør han nok sparke heile leiinga i direktoratet.

    11.17.2005

    Listemani

    "Ja noen liker kaffe, og snaps og fingebøl. Men spar meg for andre laster, enn øl, øl, øl."

    Folk har mange slags maniar. Frimerke, sigarar, bengalesiske colaflasker eller kulepennar. Det må folk gjerne gjere. Men for meg er det lister, eller epostlister, som er det store.

    I dag gjekk eg inn på yahoogroups, og der var eg påmeldt 29 lister, som fyller opp gmail-kontoen (akkurat no har eg brukt 1200 mb av plassen på gmail). Men tilbake til saka. Her er the list of lists.

    - Leftist Trainspotters ('spotters): Legendarisk venstre-nerdeliste. Sladder, sladder og sladder.
    - UK Left Network: Ei litt meir seriøs britisk utgåve av 'spotters.
    - Maoist Guns: Av denne har eg ikkje fått epost enno, men ho såg kjekk ut, så eg skreiv meg på.
    - Maoist Revolution: Ikkje epost her heller. Eg trur det er same person bak båe listene.
    - Normedia: Den elektroniske utgåva av Tostrupkjellaren. Veit du kvifor Sjå og Høyr hadde Arnstad på framsida, der ho dementerte ryktene om Bondevik - jo, ein intens diskusjon mellom mannlege journalistar (med mellom andre VGs nyhenderedaktør Hans Christian Vadseth, og Henrik Steen (aka Dr. Carlmeyer)) på normedia-lista. Henrik Steen meinte at årsaka til at Marit Arnstad takka nei til statsrådjobben var at ho braut lova ved ikkje å oppgi barnefaren til styresmaktene. Dette resulterte i eit 100tals meldingar på lista. Av og til interessant prat, men mest krangling og sladder.
    - Oslobyforum: Meld deg på og opplev urbanismen. Mest meldingar om pubkvissar og slikt.
    - Yatanorge: Semi-Nato foreining for statsvitskap-studentar. Det kjem invitasjonar om besøk på Etterretningstenesta, UD og det meste anna av halv-hemmeleg norsk statsbyråkrati. For dei utvalde, men alle kan melde seg på lista.

    Så, er det nokon som er gløymt? Fleire lister?

    Ja, no er eg òg ein bloggar

    Blogging-fenomenet har tatt verda med storm, men diverre er det mest folk som skriv dansk og er høgst reaksjonære som bloggar. Det har endra seg litt no, når mange eg kjenner har kasta seg på bølgja. Så må eg jo lenke til desse, men eg gidd ikkje å skrive lange kommentarar og vurderingar av personlegdomen deira.

    Brage.
    Trude.
    Wilhelm.
    Jokke.
    Katarina.
    Pia.

    Sånn, no har eg ikkje gløymt nokon, trur eg.

    - Eg snakkar ikkje nynorsk

    Så må eg fortelje litt om meg sjølv. Eg bur i Bergen, og snakkar reint bergensk. Sidan eg skriv nynorsk tenkjer du kanskje at eg kjem frå Voss eller indre Sogn, men det gjer eg ikkje (familien min er riktig nok frå Sunnfjord). Eg skriv nynorsk fordi det er eit norsk folkemål, som byggjer på dialektane. Folk i Bergen har mykje meir respekt for norsken enn folk i Oslo har, men samstundes kan eg ofte høyre ungdommar seie "Eg snakkar ikkje nynorsk". Då er det fram med verveblokka og verve til målungdommen. Eg dagdrøymer ofte om eit nynorsk-bergen, der danskfolket (Bokmålsforbundet, Herman Friele og så bortetter) har søkt asyl på Frogner.

    Elles så kjem eg frå ein vanleg mellomklasse (heiter det "mellomklasse" eller "middelklasse"? Det heiter då "mellomalder") -heim, og har då sjølvsagt meir enn 500 bøker heime (eg kjem aldri til å verte lei av denne <500 / >500 klassifiseringa frå PISA-undersøkinga). Men i motsetnad til dei fleste andre mellom/middelklassefamiliar, så er han ikkje "ny". Familien min har ei stolt soge med forfedre (orsaking feministar, kvinner i familien veit eg ikkje nokon ting om) som mellom anna samemisjonær og kommunekasserar. Dessutan skal eg har ein tipp-tipp-tipp oldefar som har vore oberst i den danske hæren i det 19. århundret.

    Men no tilbake til bloggen. Eg har tenkt å skrive om aktuell politikk og spesielt om utdanningspolitikk, som eg arbeider ein del med. Eg vart òg litt stolt når eg denne veka nesten vart invitert til ein konferanse i Bielefeld, Tyskland, for å snakke om norsk elevkamp. Eg har ikkje fått stadfesta noko enno, kanskje dei vart skremt av svaret eg sendte dei, men til då kan eg jo leve i håpet om å få snakke på tysk framfor tyske elevtillitsvalde.