1.30.2006

Under arbeid

Eg er fæl på dette med å starte på ting, for så å ikkje fullføre dei.

På bloggadminpanelet har eg no tre tekstar som ikkje er ferdige, men berre nesten. Det er liksom finishen som manglar.

Elles har eg sidan sist motteke ein karakterutskrift med terminkarakterar som seier 4,5. Eg har altså ein utskrift kjemisk reinska for trearar, noko som ikkje har skjedd sidan åttandeklassen. Baksida var sjølvsagt faget gym, der eg ikkje fekk karakter (sjølv om eg hadde ein fantastisk gymprøve med resultatet 2/1. Det einaste spørsmålet eg fekk poeng på var "Hva er overarmsslag i volleyball?" kor eg svarte "Det er ikkje lov!").

Til og med i tysk har det gått veldig greit. Kanskje det har å gjere med at kvar gong eg ser ein tysk tekst, startar eg automatisk med setningsanalyse. Eg går på biblioteket og les Frankfürter Allegemeine Zeitung og gjer setningsanalyse. Det tek fleire dagar å komme igjennom ei side, så eg prøver å ta ein artikkel kvar dag. No skal eg òg lese Faust. Når eg har Goethe-sitat inne til å brilliere med i timane og på prøver, så trur eg seksaren er sikra.

Hence, when able to attack, we must seem unable; when using our forces, we must seem inactive; when we are near, we must make the enemy believe we are far away; when far away, we must make him believe we are near.

0 kommentarer: