Eg elskar å skrive brev. No har eg og ein kamerat forfatta følgjande brev til Fylkeskommunen.
”Det er nøye”-kampanje – klage på lovstridig rapporteringsordning
Klagen gjeld ein kampanje skuleleiinga på Tanks Skole har sett i verk. Kampanjen freistar å innskjerpe praksis og rutinar når det gjeld forseintkomming, bråk og uro og reinhald.
Klagen rettar seg ikkje mot sjølve innhaldet og motiva bak kampanjen, men mot eit spesifikt punkt i kampanjeopplegget der tillitsvalde i klassane kvar dag skal skrive lister over lærarar som kjem for seint til undervisninga, og levere desse til rektor. Dette tiltaket blir framstilt som eit krav til dei tillitsvalde elevane.
Rektor er, som representant for dei offentlege styresmaktene, i bunden av ei negativ maktavgrensing. Eit pålegg til elevar må då ha eit rettsleg grunnlag i form av ein heimel i lov, forskrift eller vedtekt, eventuelt ein kontrakt eller avtale.
Når det gjeld dei andre tiltaka i kampanjen, er det klart at desse har eit klart heimelsgrunnlag i opplæringslova og i vedtekt for skulen. Vi kan ikkje sjå at det same er tilfelle med dette tiltaket.
Vi meiner difor at tiltaket er ulovleg. Vi ber opplæringsavdelinga om å instruere rektor Oddbjørg Høgset om å stogge dette tiltaket mellombels, til praksisen er vurdert i Opplæringsavdelinga.
Vi gjer merksam på at vi ser på dette som ei prinsippsak, og om nødvendig kjem til å klage praksisen vidare.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

3 kommentarer:
God dag!
Eg vert æra av at du har funne fram til bloggen min og rappa eit bilete derifrå! Dette må du gjerne gjera, men ettersom biletet ikkje er mitt, ser eg helst at du går åt http://www.vondess.no/ni og lekkjer inn biletet derifrå.
Om det ikkje skulde laga FOR mykje møde for deg:)
Eg har vidare tenkt å lage ei rad permalekkjer til nynorske bloggar. Vil du vera med der? Gakk åt http://thisisajourney.blogspot.com/2006/03/statt-upp-du-staute-maalbloggar_31.html og les meir. Om du ynskjer vera med, kan du leggje inn ein kommentar.
Ja, det skal eg gjere!
Øyh, link til bloggen min da. Jeg linker til deg...
Legg inn en kommentar