3.14.2006

Ein slaktar på rom 208

Ein slaktar på rom 208

Dear Oddbjørg,
Du er intervjua i skuleavisa om skulesamanslåing og samarbeidsavtalen som Tanks, BHG og Bergen Katedralskole er blitt pålagd å inngå. Der uttalar du deg også om planar for eit eventuelt nytt skulebygg og nedlegging av Tanks.

Det er fleire ting som er verdt å kommentere.

For det første: Dei tre skulane er pålagd å spare ein halv million i 2006, og ein heil million i 2007.

Dette er KONKRETE innsparingspålegg, som får KONKRETE følgjer.

Ein skulle gjerne ønskje seg at røynda var betre enn ho er. Men røynda er no slik at i eit budsjett som allereie er kutta til beinet og der det ikkje er pengar til vikarar, får ein innsparing konkrete FØLGJER (dette er ein grunnleggjane vitskapleg lov som blir kalla årsak-verknad). Konsekvensane av dette har rektor tydelegvis ikkje informert journalisten frå skuleavisa om, så då kan jo eg gjere det her.

Rektorane på dei tre skulane har, styringsdyktige og endringsvillige som dei er, utforma ein samarbeidsavtale. Av denne går det mellom anna fram at:

1. Han/ho som er systemansvarleg for IT-parken blir overflødig, og blir erstatta av såkalla "merkantilt personell". Dette skal ein spare ein del pengar på, sidan folk med fagbrev i IKT-drift er mykje billigare enn lektorar med universitetsutdanning og pedagogisk kompetanse. Dette er også slik at den nye skulereforma Kunnskapsløftet (som du sikkert har vore på mange kurs og møte om), krev meir aktiv PEDAGOGISK bruk av IKT, mellom anna ved at den nye læreplanen stadfester at digitale ferdigheitar er ein av fem grunnleggjande ferdigheitar. Om det er rett eller ikkje kan ein jo diskutere, men det er eit faktum. Den noverande systemansvarlege har slik kompetanse, men eg trur i du skal leite lenge for å finne IKT-driftsfolk med ped.sem. Altså blir undervisninga dårlegare, og kanskje direkte i strid med læreplanen – fordi skulen ikkje kan oppfylle kravet om pedagogisk bruk av IKT.

2. Sentralisering av fagtilbod. Dette blir kalla "auke av elevane sin valfridom", men det betyr vel heller i praksis at om du vel eit fag som ikkje er spesielt populært, altså med få elevar, så må du gå til ein annan skule, der ein kan samle opp elevar og lage større klassar. Fylkeskommunen har elles vore så elskverdige at dei har målt opp avstanden mellom skulane, og har konkludert med at det er går heilt fint an å gå mellom dei - sjølv i korte friminutt. Det fører jo mellom anna til at elevar som vil ha tysk som framandspråk i tredje klasse må velje engelsk i staden for. Trur du verkeleg at vi skal springe til BHG på fem minutt for å ha tre kvarter tysk for så å springe tilbake til skulen for ein time norsk? Realiteten blir jo at det er uaktuelt for elevar å velje dette faget. Altså rein nedlegging av fagtilbod, og ei innsnevring av kulturtilfanget – til berre å gjelde det anglo-amerikanske. Noko å vere stolt over, hæ?

3. Rektorane har også oppdaga noko interessant, nemleg at det ikkje er lett å spare pengar. Dei skriv difor at om ein konkret skal spare inn ein million kronar, så må ein kutte rammetimetalet. Rammetimetalet er eit mål på kor mange timar elevane skal ha i eit fag i løpet av eit år, og sjølv om det for oss elevar er freistande med meir fri og fleire planleggingsdagar, så er det no slik at det vil gå ut over undervisninga og læringsresultata.

Til saka om ny skule / flytting til Vitensenteret.

Det har vore framlegg og snakk i fylkeskommunen om nedlegging av Tanks, og flytting til eit nytt skulebygg ein annan plass i sentrum. Det har vore snakka om Nygårdstangen og Danmarkplass. Det verkar å vere planar av den typen som vi ofte får presentert i Bergen, nemleg såkalla luftslott. Mykje preik og lite handling.

Du seier: "Dette vil uansett ikke påvirke dagens elever".

Kjære rektor: Kva er dette for slags tøv? Det som ikkje gjeld oss, skal vi ikkje bry oss om? Er det moralen dagens rektorar forkynnar?

Då kan eg informere deg om at du bryt opptil fleire stortingsvedtak, lover og føreskrifter. I ”Generell Del” av læreplanen står det mellom anna mykje om at skulen skal leggje til rette for engasjement og medverknad frå elevane. Dette har også vore uttrykt på Stortingets talarstol mange gongar. Men det er vel slik at engasjementet blir farleg og utriveleg når det blir konkret. ”Det er fint med engasjement, så lenge det ikkje vedkjem oss”. Så når elevane i ei konkret sak krev eit ord med i laget, så blir det vanskeleg. Dobbeltmoralisme i praksis, altså.

For no har eg gått på Tanks i snart to år. Eg er blitt stolt av denne skulen, og det er ein skule eg trur vi alle ønskjer at framtidige ungdommar også skal få glede av å gå på. Det er ein skule med historie, det er ein skule med sjel og ein akademisk danningstradisjon ingen fylkeskommunane nybygg kan gjenskape. Eg trur eg har mange med meg når eg seier at eg er villig til å ofre blod, sveitte og arbeid for at nye generasjonar skal få oppleve å få undervisning av lærarar på denne skulen. I staden for å stadig akseptere kutt, formaningar, idiotiske føresegner og forslag frå inkompetente byråkratar og ikkje minst fylkeskommunane politikarar, burde vi ikkje kjempe for retten til å eksistere som eineståande kulturberar av ein skuletradisjon i Bergen? Burde vi ikkje det?

I staden for å ta opp kampen og få løyvingar til opprustning av denne horribelt falleferdige skulen, så gjer du følgjande.

Du planlegg saman med dei andre rektorane å kutte i undervisningstilbodet, gjere det dramatisk verre for elevar som vel ”upopulære” fag og medverkar til at ein lærar missar jobben som IKT-ansvarleg. Utan å mukke.

Dette er ille. Men kanskje det verste er det du ikkje gjer.

Bortsett frå enkelte kosmetiske endringar, så ser det ikkje ut til at du har løfta ein finger for å få rusta opp denne skulen. Arbeidet ditt har i alle fall ikkje gitt konkrete resultat. Eg kan godt tenkje meg at du forsiktig ymtar frampå i møte med fylkeskommunen at skulen akutt treng opprustning. Så har byråkratane fortalt deg at dei jobbar med å skaffe nytt skulebygg til deg og elevane dine. Så slår du deg til ro med det.

Kjære rektor: Eg skal ikkje påstå at eg har noko røynsle frå arbeid som rektor. Men i det korte livet eg har levd, så har eg lært meg ein ting. Og det er å aldri slå seg til ro med slike svar. Ein mann sa ein gong at ”fred er ei det beste, men at man noget vil”. Her har du tydelegvis slutta fred, og visjonane for å halde på Tanks som institusjon i Bergen er det heller smått med. Og eg har lært meg at om ein vil oppnå noko, så er det ikkje nok å vere audmjuk overfor fylkeskommunale byråkratar og politikarar. Då må ein krevje noko, ein må organisere seg, ein må setje hardt mot hardt. Det er openbart at desse papirflyttarane ikkje har respekt for skulen vår som kulturinstitusjon. Då er det berre ein ting å gjere. Då må ein vinne over dei, ein må overkjøre dei fullstendig og totalt. Kort sagt, det er dei eller oss.

Ut frå det eg kan lese i intervjuet, så går du velvillig inn for å flytte Tanks til eit betongbygg ein stad i sentrum, i staden for å kjempe for opprustning. Når eg tenkjer meg om, er det kanskje ikkje så rart.

For du er ikkje fremst mellom likemenn. Du er ein byråkrat, ein administrator, innsett av fylkeskommunen mot lærarane sin vilje, for å administrere og gjennomføre all toskeskapen dei finn på i høgblokka nokre hundre meter lenger borte (for ikkje å snakke om alt dei finn på å i den noko lågare blokka ved Einar Gerhardsens plass i Oslo. Men det er ei anna sak.) No har du altså fått beskjed frå fylkeskommunen om at skulen skal flyttast, det er ikkje håp om opprustning av skulebygget, det skal bli parkeringshus. Og då følgjer du lojalt opp.

I næringslivet kallar ein slike som deg for slaktarar. Du har din parallell i folk som Hydro-sjef Eivind Reiten og Norske Skog-sjef Jan Oksum. Det er folk som er innsett for å leggje ned, utan å ta omsyn til samfunnsinteresser eller interessene til dei tilsette. Du er ei slik. Og det er ikkje noko å vere stolt over.

Kjære rektor: På nettsida til Tanks er du oppførd som "tanksianer", altså ei kvinne som høyrer heime på Tanks, og som tydelegvis plasserer seg sjølv i ein bestemt tradisjon, nemleg ein tanksiansk. Det er ein tittel som krev noko, ein tittel som forpliktar. Du er ikkje verdig denne tittelen. Ein tanksianar kan ikkje gå inn for å legge ned sin eigen skule. Ein tanksianar må kjempe til siste slutt for å halde på denne levande akademiske tradisjonen midt i sentrum. Når du ikkje gjer det, er du ikkje ein av oss, men er gått i eitt med det fylkeskommunale byråkratiet.

Kjære rektor: Eg har ikkje tillit til deg som styrar for denne skulen. Eg vil at du overlet plassen til ein som har noko å kjempe for, noko ho brenn for og som har vilje til å gjennomføre dette. Det er eigenskapar du ikkje synest å ha. Då bør du gå av.

0 kommentarer: