Unge Høgre med bensin på bålet. Lærer dei aldri?
Frå XTRA 1-06
"Elever skal kunne velge hvilken skole de ønsker å gå på, og om de ønsker å lære nynorsk. (...)"
Står det på side 11. Rett over dette utsegnet står det eit lesarbrev frå Sogn og Fjordane Høgre på - ja, nynorsk.
Og vidare: Kristine Olsen Brakstad har vore på eit lobbymøte i USA for skattereform (lågare skatt, sjølvsagt). Republikanaren Grover Norquist, som har studert ved NHH, seier følgjande:
"De fleste nordmenn får amerikanske nyheter enten (sic) gjennom CNN som ikke fremmer et objektivt syn på vår politikk. Her er FOX News mye bedre."
Ting XTRA heim i postkassa, så får du mykje humor og mange skriveleifar heilt gratis.
3.26.2006
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

4 kommentarer:
Eg ser ikkje heilt at det er ein sjølvmotseiing her. At Høgre vil at nynorsk-opplæringa skal verta valfri, tyder ikkje at dei som vil skriva nynorsk ikkje skal ha lov til det!
Sjølvsagt ikkje. Men det heiter ikkje nynorsk, det heiter sidemål
For det fyrste har eg sjølv vald å ha nynorsk som hovudmål heile videregåande. Dette fordi eg vil læra det betre. Men det er vanvittig naivt å tru at ein vil få like mykje bruk for dette i framtida som eit anna språk. Ta poenget! Det bur kun litt over 4.5 millionar i Noreg. Dette er dei einaste som bryr seg om norsk. Elles i verda kjem ein absolutt ingen veg med å kunna norks eller nynorsk for den saks skuld. Drit i sidemålet og lær eit anna språk som spansk eller urdu istaden! Så må eg få retta på eit par faktafeil.. Du skriv villig om Unge Høyres skrivefeil, men gløymer dine eigne faktafeil... Hadde du lest XTRA godt nok, ville du lest at sitata frå "Americans for Tax Reform" kom frå Aric nesbitt og ikkje Grover Norquist som er leiar for organisasjonen. Følg med i timen!
helsing Kristine Olsen Brakstad
Eg skjønar ikkje denne motsetnaden mellom å læra sidemål og læra framande mål... Det er ikkje noko problem å læra både spansk og båe skriftformene av det norske språket. Jau, engelsk, tysk og fransk går også fint. Mange kan til og med meir eksotiske framande tungemål som russisk og arabisk - og dei hadde både hovud- og sidemål på skulen
Legg inn en kommentar