
Det som er bra med fildeling, er at ein kan finne veldig eksotiske filmar, eventuelt veldig dårlege eksotiske filmar. I kveld har eg sett ein slik ein.
Red Dawn (1984)
Denne filmen handlar om nokre gutar og jenter og deira geriljakrig mot russarane (og cubanarane). Filmen går føre seg i eit USA som er invadert av russarane, og desse folka kjempar behind the lines, altså i utgongspunktet ganske ærefullt.
Men, dette er åttitalet, og ein må sjølvsagt nytte høvet til å demonisere russarane så mykje som råd er (med eit lite unntak! Ein cubanar oppfører seg menneskleg og er nesten pasifist på slutten av filmen).
Filmen startar med at gutane er på skulen, og der ser dei russarane og cubanarane komme i fallskjerm ned frå himmelen. Her er første svake punkt i filmen, nemleg kor dårleg taktikk russarane har. Dei landar altså ved skulen, og når dei kjem ned, så skyt dei på absolutt alt og alle. Gutane klarar sjølvsagt å stikke av, og dreg til ein bensinstasjon, der dei får alt dei vil peike på (skytevåpen også) av eigaren (han har NRA-emblem i døra godt synleg i filmen sjølvsagt). Med colabrett og campbells soup dreg dei til fjells.I mellomtida får vi sjå reine rambo-framferda frå russarane, som drep og øydelegg alt som står i vegen. I tillegg er den lokale kommandanten ein cubanar som liknar veldig på Lenin. Dei opprettar sjølvsagt dødsleire, der folk vert skotne medan dei må sjå Aleksandr Nevskiy og høyre den sovjetiske nasjonalsongen.
Men tilbake til gutta på skauen: Det kjem stadig soldatar på tur til området, og dei vert sjølvsagt drepne. I tillegg får dei etter kvart nokre granatkastarar, og det går sjølvsagt ut over tilfeldige russiske lastebilar på landevegen. I tillegg utfører dei nokre raid mot dødsleirane og til slutt mot byen dei har flykta frå.
Sjølvsagt ikkje ein amerikansk film utan kjærleik, og i denne filmen er det ein jagarflypilot som vert nedskoten, og som sluttar seg til geriljaen (han vert seinare skoten). Ein av jentene i gruppa vert sjølvsagt forelska i denne mannen. I tillegg vert ein av gutane skoten av sine eigne, etter at det vert avslørt at han har røpa kor dei befinn seg. Han vert avretta saman med ein russisk krigsfange ("Geneva convention? Never heard of it", seier kommandanten).
Eg skal ikkje røpe slutten, men kort sagt er dette ein svært blodig film, med 134 voldshandlingar i løpet av 120 minuttar (faktisk vart dette ny rekord i USA). Men det er også en svært interessant film om ein vil sjå demoniseringa av Sovjetunionen som forflata, tvers gjennom onde menneske (for all del, eg skal ikkje forsvare Sovjetunionen), og der deira einaste mål er at flest mogleg amerikanarar vert avliva i konsentrasjonsleire medan dei høyrer kommunistisk (ev. sosialimperialistisk) propaganda over høgtalaranlegget. Men ikkje forvent det heilt store, altså.

0 kommentarer:
Legg inn en kommentar