3.15.2006

Sommarjobb

No er det kanskje for seint å skaffe seg ein høveleg sommarjobb, men eg vil no har ein. Og då skaffar ein seg det.

Men så er det dette med kva ein høver til å gjere. Det fins mange typar sommarjobbar. Eg vurderer no å søke sommarjobb i BA, fordi eg trur resten av dei som vil ha sommarjobb der for det første ikkje kan skrive, og for det andre ikkje har noko å melde. Sjølv om eg då må skrive bokmål (eg har håp om at aksjonen har fått resultat til då, men ein veit jo aldri), så finst det vel verre ting enn bokmål. Engelsk, til dømes.

Eg har for vane å klage høgt og tydeleg når ting ikkje går som eg vil. No kan de lese korleis det gjekk når eg klaga til BT fordi dei ikkje ville skrive om aksjonen vår.

Vesentleg og uvesentleg

Dette temaet kunne ein ha lagt ut om i timesvis, og de får sikkert mange brev der folk klagar over at avisa ikkje bryr seg om dei. Eg skal vere kort.

Torsdag 9. mars hadde Bergen Målungdom ein aksjon mot Bergensavisen, der vi følgde opp tråden frå "Slepp nynorsken til"-aksjonen mot VG og Dagbladet. Vi ville skape ein debatt omkring gamle fordommar mot nynorsk, og å skape debatt om den kulturelle utviklinga i byen. Skal Bergen framleis vere ein tilnærma riksmålskommune? Bør ein ikkje jobbe for å rive ned skiljet mellom by og land, og heller rette fingeren mot Oslo?

Vi hadde laga plakatar (vedlegg I), laga flygeblad og underskriftslister [1]. Vi hadde sendt melding til redaksjonen om at vi skulle aksjonere. Kort sagt: Alt var taima og tilrettelagd.

Men ingen dukka opp.

Det vil sei: Vi delte sjølvsagt ut til BA-journalistane som kom på jobb. Vi blei sjølvsagt kjefta på av resepsjonisten i BA-huset. Og vi fekk sjølvsagt mange kommentarar, både positive og negative.

Men BT var der altså ikkje.

Det at media gjennom prioritering avgjer kva som er vesentleg og kva som er vesentleg, er ungdomsskulepensum. Difor skulle ein tru at dei som steller med slikt, alså reportasjeleiarar, vaktsjefar og deskleiarar, tenker mykje på dette.

Etter denne hendinga trur må eg tru om att.

For greitt nok. Aksjonen måtte sjølvsagt gå føre seg på eit tidspunkt der alle sit/skal/er på veg i/til møte. Så når ingen (NRK Hordaland skal kjeftast på dei òg) dukka opp, så tenkte vi at dei sikkert ikkje hadde folk nok, at Michael Jackson var på Flesland eller at det var storbrann i Salhus. Ok, men det kjem vel ein notis då? Eller kanskje ein telefon og eit seinare intervju?

Nei. Ikkje ein gong ein notis er det plass til. På ein dag der BT elles kan fortelje oss at det er opptil fleire kunstutstillingar i
byen (side 38), eit intervju med ein samtidsdramatikar (side 36), at teatersjefen er overraska (s.st.), endå eit intervju, denne gongen med ein komponist (s.st.), ei filmmelding (s.st.), reklame for ein rockekonsert (s.st.), ei konsertmelding (side 35), at DNS må avlyse (tek denne saka aldri slutt? – s.st.), at Jakob Sande er aktuell att (bra! – s.st.), at det norske teatret går bra (med NTB-melding på bokmål!, s.st), teatermelding for vekerevyen (s.st.), endå ei konsertmelding (s.st) og eit intervju med DumDumBoys (s.st.).

Men altså ikkje oss. Vi er ikkje vesentlege. I konkurransen med tilårskomne rockestjernar, ein teatersjef og ein samtidsdramatikar, så tapar vi. Det var ikkje noko anna å vente.

Men kva har alle desse nyheitene til felles? Kva er det som vi manglar, og som desse sakene har?

Det er ikkje vi som manglar noko. Det er faktisk dei sakene som står på trykk, som manglar noko. Dei manglar eit samfunnsperspektiv, dei er ikkje framtidsretta. Ingen av dei handlar om den sosiale og kulturelle utviklinga i byen.

Det gjorde vår sak, vår nyheit og vår aksjon. Men vesentleg var det altså ikkje. Kanskje var saka vår bom. Kanskje er vi irrelevante (sjølvsagt er ein ikkje irrelevant. Det er andre som gjer ein irrelevant).

Er det aktualitetskriteriuma som gjer at slike saker fell igjennom? Vi veit, jada, det ville gå 24 timar frå aksjonen fann stad til folk ville ha lest om han i BT. Men likevel kom det ikkje noko på BT.no (der dekte dei heller rivinga av eit frelsesarmehus).

Er ferskheitskriteriuma blitt så einerådande som det verkar som? Er det slik at ting ikkje er nytt om det ikkje skjer klokka 23 på kvelden, slik at BT kanskje kan ha håp om at BA ikkje har saka, og slik at ein kan imponere lesarane med å vere "sist" med noko som er "vesentleg"? Det verkar nemleg slik.

Sjølv om saka ikkje ville vere fersk neste morgon, så inneber ikkje det at saka ikkje ville vere vesentleg. Vi ville jo ha hatt like mykje rett (eller feil), om saka hadde stått på trykk i går, sist veke eller i morgon. Det er ikkje ei hendingssak, det er ei meiningssak, det er ei sak som avisa anten kan velje å løfte fram, eller å teie i hjel. Eg skal ikkje underslå at det i mange saker er fristande å teie folk i hjel, og ved nokre høve er det også rett. Det gjeld mellom anna at BT ikkje brukte mykje spalteplass på det pinlege opptrinnet 8. mars, der "modellpappa" lufta sexslavane og "bimboene" sine. Ved slike høve tar
avisa eit standpunkt, som er å teie dei i hjel. No har BT teia oss i hjel. Då har de òg gjort eit val. De har gjort oss uvesentlege, og eg meiner openbart at det er feil.

No blei dette kanskje lenger enn godt er, difor skal eg slutte no. Eg håpar at denne saka var ein glipp. Eg forstår at det i store
organisasjonar kan vere tvil om ansvar og "nokon gjer vel dette". Men om denne saka er uttrykk for ei generell haldning i avisa til folk som vil presentere og fremje nye tankar og sette nye saker på dagsorden, så kan de heller pakke saman. Og så kan de vere sikker på at de gjekk glipp av starten på ein kamp vi kjem til å vinne.

God Helg.


Og svaret frå lesarombod Terje Angelshaug:

Gode Mathias Hunskår Furevik

Takk for inspirert og inspirerande brev. Eg veit ikkje om du har sendt det til fleire her på huset. Spørsmålet ditt om kvifor BT prioriterer slik og sånn, men ikkje sånn og slik, er ikkje lett å svare fullstendig på.

Det korte svaret vil vere at prioriteringane er tilfeldige, men det blir for enkelt, sjølv om mykje er tilfeldig, i alle fall enkelte dagar.

Kanskje er det nærmare sanninga å seie at BT blir eit resultat av dramatiske hendingar som må dekkjast, initiativ frå sterke kjelder og idéar, ofte sprunge ut av journalistane sine personlege interesser. Det ser du kanskje særleg tydeleg innanfor kultur og sport. Der dominerer musikksjangrar journalistane likar og fotball som dei fleste av journalistane sjølv driv med.
Eg likte samanlikninga di mellom innhaldet i kulturdekninga til BT og aksjonen de målungdomar hadde mot BA. Du har heilt rett i at samfunnsperspektivet svært ofte manglar i kulturdekninga til BT. Kor mange viktige samfunnsdebattar har starta på kultursidene til avisen?

BT har aktive og medvitne målfolk i redaksjonen, men dei var kanskje ikkje på vakt den dagen de aksjonerte? Hadde ein av dei vore der, ville aksjonen fått dekning. Det viser litt om kor tilfeldig ting også skjer.
Eg skal formidle innlegget ditt vidare til eit internt elektronisk diskusjonsforum redaksjonen har. Eg trur mange vil lese det med interesse.

Det var gildt å høyre frå deg. Kom gjerne innom eller skriv om du har meir på hjarta.

Beste helsin
Terje Angelshaug
Lesarombod


No håpar eg dei får så dårleg samvit at dei berre ha oss på førstesida neste gong. Men dei skal ha ros for at dei svarer skikkeleg og ordentleg, i alle fall. BA har jo ikkje skrive noko på leiarplass om aksjonen, sjølv om 24 % av lesarane vil ha meir nynorsk i avisa. Dei siste dagane har det også vore mange gode innlegg for nynorsk på debattsidene på BA.no, sjølv om protestane mot "fjøslatin" framleis nok er i fleirtal. Men ein får seie som mange politikarar har sagt før, er det alltid fleirtalet som har rett? I denne samanhengen må eg og ta med noko eg leste for nokre dagar sidan, i samband med eit fylkeskommunalt vedtak. Fleirtalet argumenterte ikkje for korfor det var nødvendig å spare pengar. Då skreiv ein kamerat av meg: "kva skal ein med vett og tanke, når ein har fleirtal?". Det var godt sagt.

1 kommentarer:

Studenten sa...

Smell opp en link til meg også, da vel... "Nissen er død" - http://nissefaen.blogspot.com