No er det blitt populert å lage lister med kva ein har gjort den siste veka. Det skal ikkje eg gjere. Men.
Påska er over, og ein kan sei at eg ikkje akkurat har gjort så veldig mykje nyttig. Men eg har skrive ein kronikk saman med Store Allvitande Høge Mannen (aka: T.D.) om BKK og straumprisar. Han kjem på trykk snart, håpar eg. Elles har eg jobba med sos.øk.-eksamenen eg skal ha snart, og sos.øk. er verkeleg eit helvete. Faen. Det er ikkje det at faget er vanskeleg. Men det at du må forsvare og argumenterer for noko som er feil... Helvete altså. Sosialøkonomi er eit borgarleg indoktrineringsfag. Punktum. No får eg sjansen til å oppleve sosialøkonomien i praksis: Eg er nemleg blitt vararepresentant (for Den Store Allvitande Mannen) til ein bystyrekomite. Det betyr at eg av og til må møte på kort varsel (sitat: "Desse møtene er ofte på onsdagar og då ringer dei gjerne på ettermiddagen og vil ha meg til Oslo i TV-debatt"). I følgje sikre kjelder er det visstnok ikkje så vanskeleg å meistre desse møtene; at Fr.P. klarar det er vel eit levande bevis på det.
Men tilbake til påska: Eg har vel ikkje vore heilt edru heller då... Men denne bloggen er såpass seriøs at vi ikkje skal skrive om det her, bortsett frå ein kort kommentar om at festen til Danskekongen (aka: Christian Fredrik) var bra.
Også har eg gjort research (fins det eit nynorskord for dette?) på ei sak eg har prøvd å selje inn til både DN og Ny Tid. Sidan ingen av dei var interesserte, så er det ikkje ei sak eller så er eg dårleg til å gjere det til ei sak. Viss ingen andre aviser er interesserte (Klassekampen er uinteressant, dei betalar ikkje for stoff og dette er ikkje idealisme; eg skal ha pengar til øl), så skal eg poste resultatet her... Snart.
Og no byrjar skulen att. Faen.
4.18.2006
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

3 kommentarer:
Så jævlig kul den skoleavisa var da! Du og Nordlid nyter vel gode dager med den nyvunnede tanks-kjendisstatusen :)
Keep up the good work!
"Brått ble alt medieelever har lært om hvordan et pressesystem skal fungere, fornektet på vår egen skole. Formålene i mediafagenes læreplaner ble altså forkastet av selveste administrasjonen. Grunnen er denne: De mente ytringene ville svekke ryktet til Tanks og sette skolen i dårlig lys.
(..)
Dagene gikk, nyheten spredde seg, og saken har svekket ryktet til rektor langt mer enn leserinnlegget, langt mer enn ”kampanjeperioden” som nettopp passerte ville gjort. Vi legger den saken død der, jeg akter ikke å la mitt personlige syn om rektor farge saken mer enn dette.(Jeg skal jo tross alt få den på trykk!)"
-Jøss. kan tenke meg at det blafrer rundt rektor-ørene på tanks!
Research; gransking, etterrøking, undersøking; (i journalistikk;) innsamling av bakgrunnsopplysningar til reportasje, grunnlags\arbeid (fakta~); (i marknadsføring:) gransking av forbruksvanar.
Gjereliste for alle nynorskingar:
1: Kjøp "Med andre ord", Magne Rommetveit, Samlaget
2: Les
Legg inn en kommentar