Det plar for så vidt vere grei skuring, men eg har nett oppdaga at det ikkje er mogleg å skrive tull på nynorsk. Det eg held på med no, er reklame for eit samarbeidsprosjekt mellom NMF og Norsk Tipping. Norsk Tipping er som vanleg på jakt etter god PR, og i dette høvet har dei hyra inn eit PR-byrå. Samarbeidsprosjektet er ei konsertstønad frå Norsk Tipping der korps kan vere med i ei "tevling" for så å bli "trukne ut" til å få pengar. Teksten er heilt grusom, det første eg spurde sjefen om var om teksten var laga at eit PR-byrå.
Ja, svara sjefen, og byrået heiter Creo Communications. Dei har til og med laga ein ferdig tekst som konferansieren på DRØMMEkonsertane skal lese opp. Den går slik.
”Denne konserten har fått støtte gjennom prosjektet ”Drømmekonserten”. Drømmekonserten er et av resultatene av samarbeidet mellom Norges Musikkorps Forbunds og Norsk Tipping. Norsk Tipping er generalsponsor for Norges Musikkorps Forbund og støttespiller til norske musikkorps.Ekkelt, ikkje sant? Sånn tekst skal eg omsetje. Slik blei ingressen til ein tekst på nynorsk, men først på original:
Visste dere at ¼ av statens kulturbudsjett kommer fra Norsk Tippings virksomhet?
Fordelingen av overskuddet fra tippeselskapets virksomhet har endret seg gjennom tidene, og fordeles i dag mellom kultur, idrett og frivillige organisasjoner. Hvert år resulterer det norske folks spilleglede i over 1 milliard kulturkroner. Det betyr at vi alle vinner litt. Og det har også vi gjort gjennom Drømmekonserten”
Sammen med vår generalsponsor Norsk Tipping, gjør NMF dine korpsdrømmer til realiteter.Og nynorsk:
Saman med vår generalsponspr Norsk Tipping, gjer NMF dykkar korpsdraumar til røyndom.Håplaust, ikkje sant?

1 kommentarer:
"dykkar korpsdraumar til røyndom"
Hahaha.
Men eg trur eg heller ville ha skrive:
Saman med generalsponsoren vår, Norsk Tipping, vil NMF gjera korpsdraumane dine til røyndom. (Eventuelt kan du jo skriva draumane, og drita i "korps-")
Legg inn en kommentar