7.02.2006

Målarbeid er kjekt

No for tida snakkar ein ikkje om anna, ja, det gjeld bussfusjonen mellom Gaia Trafikk og HSD. I RV brukte vi eit heilt nachspiel på å diskutere oss fram til resultatet: RV skal røyste for fusjonen berre det blir nynorsk i det nye selskapet.

Slik gjekk det jo ikkje. Men sidan det er fri og mykje tid til overs (haha) så har eg skrive eit utkast til nye vedtekter for det fusjonerte selskapet. Eg tenkte å sende det inn til HSD og Gaia Trafikk for å høyre kva dei tenkjer om det.

§ 1 – Firma

Selskapet sitt namn er _______ ASA. Selskapet er eit allmennaksjeselskap.

§ 2 – Forretningskontor og hovudadministrasjon

Selskapet skal ha forretningskontor og hovudadministrasjon i Bergen. Selskapet ha nynorsk som forretningsspråk.

§ 3 – Føremål

Selskapet sitt føremål er å driva transport- og reiselivsverksemd, og anna tilknytta verksemd.

§ 4 – Aksjekapital

Aksjekapitalen i selskapet er NOK XXX fullt innbetalt og fordelt på XXX aksjar á NOK 20. Aksjane skal vera registrerte i Verdipapirsentralen.

§ 5 – Styret

Selskapet skal ha eit styre på mellom 7 og 11 medlemer, der inntil 3 medlemer skal vera valde av og mellom dei tilsette. Bedriftsforsamlinga vel dei andre medlemene i styret, mellom dei leiaren og nestleiaren i styret. Samansetninga av styret skal i størst mogleg grad gjenspegla aksjonærsamansetninga i selskapet.

§ 6 Bedriftsforsamling

Selskapet skal ha ei bedriftsforsamling på 24 medlemer. 16 av medlemene vert valde av generalforsamlinga for ein periode på to år. 8 medlemer vert valde av og mellom dei tilsette. Samansetninga av bedriftsforsamlinga skal i størst mogleg grad gjenspegla aksjonærsamasetninga i selskapet. Bedriftsforsamlinga vel sjølv leiar og nestleiar. Bedriftsforsamlinga held møte når leiaren av bedriftsforsamlinga ønskjer det, når styret ønskjer dette, eller når minst 1/6 av medlemene i bedriftsforsamlinga krev det.

§ 7 – Valnemnd

Selskapet skal ha ei valnemnd, som vert utgjort av leiaren av bedriftsforsamlinga, samt tre medlemer som vert valde av generalforsamlinga. Dei tilsette har rett til å møte i valnemnda med ein medlem når nemnda skal innstilla på leiar og nestleiar i bedriftsforsamlinga, og når nemnda skal innstilla på leiar og nestleiar i styret.

Leiaren av bedriftsforsamlinga skal også vera leiar av valnemnda. Funksjonstida for medlemer av valnemnda er to år. Medlemene av nemnda kan attveljast.

Valnemnda skal leggja fram framlegg om aksjonærvalde medlemer til bedriftsforsamlinga. Vidare skal nemnda innstilla på godtgjersle for medlemene i bedriftsforsamlinga og styret.

Valnemnda skal sjå til at deira framlegg til aksjonærvalde medlemer til bedriftsforsamlinga i størst mogleg grad gjenspeglar aksjonærsamansetninga i selskapet.

§ 8 – Generalforsamling

Det vert kalla inn til ordinær generalforsamling ved skriftleg melding til alle aksjeeigarar med kjend adresse seinast to veker før møtet vert halde. Ved innkalling til generalforsamling kan styret avgjere at aksjeeigarar som vil ta del i generalforsamlinga må melda dette skriftleg til selskapet innan ein frist som ikkje kan løpa ut tidlegare enn fem dagar før generalforsamlinga skal ta til.

Generalforsamlinga skal førehava:

Melding frå revisor og fråsegn frå bedriftsforsamlinga.
Godkjenning av rekneskap og årsmelding, og utdeling av utbytte.
Val av medlemer til bedriftsforsamlinga.
Fastsetjing av godtgjersle til revisor og medlemer av styret og bedriftsforsamlinga.
Andre saker som etter lov eller vedtekt høyrer til under kompetansen til generalforsamlinga.

Leiaren av bedriftsforsamlinga leiar generalforsamlinga. Om leiaren ikkje er til stades, leiar nestleiaren møtet.

§ 9 – Signatur

Selskapet vert teikna av leiaren av styret og administrerande direktør i fellesskap, eller av to styremedlemer i fellesskap. Styret kan gje melding om prokura.

2 kommentarer:

Magnus sa...

I alle dagar. Ungdomen av i dag, altså!

Kamerat Kjetil sa...

Men Mathias då... Forretningskontor og hovudadministrasjon bør sjølvsagt liggja i verdas største nynorskby (Stord). Viss ikkje vil bokmålet sitt kulturelle hegemoni i Bergen knekkja denne målsetjinga.