8.22.2006

Lesarbrev

Sidan eg ikkje veit om det kjem inn i BT, kan de lese mitt svar på opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld sitt lesarbrev "Elevane treng berbare PC-ar".

Elevane treng ein ikkje-religiøs opplæringsdirektør.

Når eg les lesarbrevet til opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld i Hordaland Fylkeskommune i Bergens Tidende 21. august, blir eg sint.

Det ser nemleg ut til at Hordaland Fylkeskommune har ein opplæringsdirektør med eit ikkje berre kunnskapslaust og dårleg, men beint fram religiøst forhold til digital teknologi.

Opplæringsdirektøren argumenterer ivrig i lesarbrevet for å innføre såkalla ”digitalt læringsarbeid” i dei vidaregåande skulane i fylket. (Eg synes det er ein dårleg ting å kritisere folk for språkbruken deira, men nokre gonger går det for langt: Ord som ”læringsarbeid” og ”livsmeistringskompetanse” er ikkje norske, og langt mindre nynorske ord, og dei høyrest mest ut som dei er tekne ut frå ein dårleg science fiction-roman. Finn på noko betre.)

Ut frå lesarbrevet forstår eg det slik at opplæringsdirektøren (a) meiner at ”digitalt læringsarbeid” generelt er betre enn ”anna læringsarbeid” og (b): at skulane etter den nye skulereforma er pålagde å gjennomføre ”digitalt læringsarbeid” i alle fag.

Dette er feil.

For det første kan det gjerne vere slik at digitale verkty i nokre fag kan vere høveleg og gje betre resultat enn meir tradisjonelle undervisningsformer. Men det er absolutt ikkje slik at digitale verkty er vanleg undervisning overlegen på alle område. Poenget mitt, opplæringsdirektør, er ikkje å gå inn i ein diskusjon om kva slags område som eignar seg best til digital undervisning eller til tradisjonell undervisning. Poenget mitt er at valet mellom ulike undervisningsformer og metodar er noko som er opp til læraren. Det er faktisk eit val som den enkelte læraren skal ta, og tek, kvar einaste dag framfor kvar einaste time. Når du frekt nok påstår at framtida er digital på alle område, høvlar du ikkje berre over eigenarten til alle undervisningsfaga med deira ulike metodar, med driv med ei skammeleg umyndiggjering av alle Noregs lærarar. Det er ikkje ein opplæringsdirektør som skal avgjere kva slags metodar som er høvelege for eit undervisningsemne, det er det læraren sjølv med sitt skjønn som skal avgjere.

Når det gjeld din påstand om at den digitale skulen er noko som følgjer av vedtak i Stortinget eller fastsetjing av ny læreplan, så er dette feil, men likefullt ei vanleg oppfatning som dagleg står på trykk i aviser og fylkeskommunale skriv.

La meg derfor sei: Dette er feil. Det står ikkje i dei nye læreplanane eller i noko anna offisielt dokument og det er aldri blitt vedteke på Stortinget at den norske skulen skal bli digital, digital som i at alt læringsarbeid skal skje på berbare pc-ar.

La meg sei det ein gong til: Dette er feil. Det står i dei nye læreplanane at elevane skal ta i bruk digital teknologi i alle fag (også gym (!)), og digital kompetanse er fastsett som ein grunnleggande ferdigheit. I kor stor grad undervisninga (merk: ikkje læringsarbeid) skal gå føre seg med digitale verkty, skal – i følgje læreplanen – vere opp til kva enkelt lærar, som etter sitt eige skjønn avgjer kor det er høveleg å bruke digital teknologi.

Det er altså fullt mogleg å drive ein skule etter den nye læreplanen med berre eitt datarom på deling på skulen, der lærarane nyttar slik teknologi der det passar, og den nye læreplanen seier altså ikkje at skulen skal vere digital heile tida. Sidan opplæringsdirektøren har lese dei nye læreplanane, må han kunne stadfeste dette.

Derfor er ikkje berre opplæringsdirektøren sitt religiøse forhold til ny teknologi som er problematisk, men også formaningane hans om den digitale skulen – å nekte lærarane fridomen til å velje undervisningsmåte etter eige skjønn. Dette prinsippet er klart definert i det nye læreplanverket. Gjennom å insistere på ein digital skule heile tida, gjer opplæringsdirektøren seg til representant for ein læreplanstridig praksis. Opplæringsdirektøren bør snarast oppsøkje røyndomen på ein av sine vidaregåande skular for å kvitte seg med den religiøse trua på IKT som skulens frelsar. Det er læraren – ikkje ei datamaskin eller ei lærebok – om er skulens frelsar.

Mathias Hunskår Furevik
gammaldags elev

4 kommentarer:

jokke sa...

Helt enig at det er viktig med pedagogiske lærere først og fremst. Men Digitale verktøy (mer enn bare PC/mac) gjør pedagogiken rikere og det er et bra framskritt at man har fått inn digitaleferdigheter så sentralt inn i skolen. Et datarom pr.skole er forhistoriske og hører egentlig hjemme på 70/80-tallet (desverre har altfor mange etter det måtte oppelevedenne mishandlingen)

Studenten sa...

Både enig og uenig med jokke her...

I mange fag (alle? er det antagelig dumt å begynne med bruk av digitale verktøy, og i særdeleshet PC, for tidlig... ta norsk. Det å lære å skrive med tekstbehandler (eller bare et tomt skriveark for den del) gir deg ikke den samme språkforståelsen. Du lærer ikke å bygge setningene, bygge avsnittene på samme måte. Du kan jo bare gå fram og tilbake og rette opp i ting. Det samme gjelder i realfag. Endel ting MÅ faktisk pugges for at man skal skjønne det.

Det er litt som å lære seg å gå, først må man lære seg å krabbe. Eller som å lære seg å bygge lego - man begynner med det enkle, så det vanskelige.

jokke sa...

Hei jeg har lagt igjen et lengre svar til deg på bloggen min.

http://hatogkjaerlighet.blogspot.com/2006/08/digital-opplring.html

synnøve sa...

"Eg synes det er ein dårleg ting å kritisere folk for språkbruken deira, men nokre gonger går det for langt: Ord som ”læringsarbeid” og ”livsmeistringskompetanse” er ikkje norske, og langt mindre nynorske ord, og dei høyrest mest ut som dei er tekne ut frå ein dårleg science fiction-roman. Finn på noko betre."

Ha, ha! Heilt samd. Eg har ein mistanke om at mange vel å bruka denne typen ord for at teksten deira skal høyrast meir akademisk og avansert ut. Eg for min del klarar ikkje å la vera å tenkja på dei nye kleda til keisaren...