10.22.2006

Pubrunde

Sjølv om det er mange fine stader å gå ut på, så blir det ofte sånn at ein går ut på dei faste plassane der ein alltid går. Eg og K ville difor gjennomføre ein pøbb til pøbb-runde og berre gå på plassar vi ikkje hadde vore før (med litt juksing).

(Eg vil gjere merksam på at dette gjekk føre seg etter klokka 21.00, og at det ikkje inngjekk i ei RU-tilskiping.)

Kvelden starta på Aspendos, ein pizzabule med ølservering. Dette er ein bra stad, men kvalifiserer vel ikkje til ein utestad. Men det er bra pizza og relativt rimeleg øl.

Klokka 21.30.
Tilstand: Heilt edru.
Karakter 5 av 6.
45,-/0,5.

Så rota vi litt rundt i strøket, og fann baren Onkel Lauritz som K ikkje hadde vore innom. Dette er ei heilt OK sjappe, men trekk for litt harry klientell (blanding av NHH-studentar og gamlingar på byn), samt at dei tilsette har t-skjorter med teksten «KOM TIL ONKEL» over brystvortene. Pluss for bra røykebalkong (nesten like bra som Rica). Men minus igjen for 0,4-glas, dog Hansa.

Klokka 22.15.
Tilstand: Nesten edru.
Karakter: 4- av 6.
48,-/0,4.

Så var tida komen for å gå på Inside igjen, etter at staden hadde vore stengt i lang tid. Inside er ein koseleg plass. Eg og K studerte barkartet utanfor, og tok sjansen på at drinkane der var gode. Vi gjekk for travaren Castro (som K ikkje hadde smakt på!). Eg blei litt uroa over at mannen i baren ikkje visste kva slags drink det var snakk om (eg måtte peike i barkartet for han), men då drinkane kom, var dei gode nok dei. Vi drakk rett nok ikkje øl, men beit oss merke i at dei serverte RINGNES. Dette er penibelt for ein utestad i Bergen, og er hovudårsaka til den relativt dårlege karakteren.

Klokka 23.00.
Tilstand: Tja.. Korkje fugl eller fisk.
Karakter: 4 av 6.
50,-/0,5.

No skulle vi verkeleg gå på ein stad ingen hadde vore på før, nemleg Wesselstuen. Denne staden er visstnok ein kjendisstad i Bergen, der folk som Helge Jordal og journalistar over 50 går. Vi traff ingen sånne der (den einaste kjendisen var Kurt Oddekalv, og han var relativt full), men om dei går der, så forstår vi det godt. Dette er nemleg ein verkeleg brun pøbb (med veggmåleri, slik tradisjonen seier). K hang seg opp i geometri- og proposjonalitetsfeil på bileta. Bra plass, dei serverer Hansa i 0,5-glas og dei tilsette er over femti og sikkert med tariffavtale. Men trekk for den ublu prisen.

Klokka 23.45.
Tilstand: Bra.
Karakter 5- av 6.
62,-/0,5.

Så til staden alle elskar å hate, Skipperstuen. Ølet var så dyrt (og vi rekna med eit kortvarig opphald), så vi tok 0,33 denne gongen. Og Skipperstuen stadfestar alle fordommar. Her er det Vikingarna for alle pengane, og 2/3 av klientellet er uføretrygda. Først sto vi litt for å kjenne korleis det var å vere på ein så brun, brun stad. Så fekk K ein ide om å sette seg ned, noko vi gjorde. Vi satt då ved sida av ein femtiåring frå Notodden, som la ut som livshistoria si som mishandla barnevernsbarn. Eg var komen så godt i gjenge og syns så synd på mannen at eg ga han telefonnummeret mitt. Det skulle eg sikkert ikkje ha gjort. Men Skipperstuen var ein bra plass.

Klokka 00.30.
Tilstand: Veldig bra.
Karakter: 4+ av 6.
57,-/0,5.

Så måtte vi ein tur innom Rica, der eg traff på ein del gamle vener. K ikkje så veldig glad for dette, men vi drakk no opp og jatta med. Kva meir kan ein sei? Rica er Rica. Punktum.

Klokka 01.00.
Tilstand: Halvfull.
Karakter: 6 av 6.
43,-/0,5.

Etter Rica var planen å gå på Garage, men først skulle vi sjekke ut den nye homsebula som alle snakkar om. Her kosta det pengar å kome inn, så det gadd vi ikkje. Så gjekk vi på Garage, men her var det også fullt. Så då blei dei Inside igjen.

Vi skulle treffe Danskekongen og venene hans på Inside. No var vi båe to komne opp i «nesten full» på fylleskalaen, og på Inside var det kø, ikkje lang kø, men kø utan rørsle. CF kom ut og vi prata litt med han, før vi gjekk på 7-11 og åt pizzastykke.

KONKLUSJON: Det fins mange bra plassar ein ikkje frekventerer så ofte. Men stort sett er det ein grunn til det. Men no kan både eg og K bygge hetsen vår mot desse stadene på kvalifisert grunnlag.

1 kommentarer:

jokke sa...

morsom post sjølv om den var dønn reaksjonær og liberalistisk.