Eg er, etter å ha starta Flammen, blitt veldig oppteken av skriveformalia, som teiknsetting og skrivereglar. Nokon vil nok hevde at eg alltid har vore oppteken av formalia, men dei om det. Eg skal altså kome med ei lita innføring i teiknsetting.
I norsk handskrift er det vanleg å bruke dei engelske sitatteikna " og ". (I eldre norsk skrifttradisjon har det vore vanleg å sette det første teiknet nede, i tråd med m.a. tysk tradisjon.) Men i typografisk samanheng, i trykk og i aviser er dei korrekte teikna « og ».
«Men det er så vanskeleg å få desse teikna fram, det er betre å bruke ",» høyrer eg nokon sutre. Det er feil.
På PC med skikkeleg tastatur kan du halde nede ALT-tasten og trykke ein talkombinasjon på det numeriske tastaturet (det heilt til høgre på tastebrettet). For det vanlegaste teikna er dette:
« er ALT+0171, på Mac ALT+SKIFT+V
» er ALT+0187, på Mac ALT+SKIFT+B
Så kjem vi til tankestreken. For det skal vere forskjellig strek i desse to eksempla:
Fornyings- og administrasjonsdepartementet, og
Han sa til henne — etter å ha tenkt lenge på det — at han elska henne.
Den lange streken er tankestreken, den korte er bindestreken. Tankestreken får ein som oftast fram (både på PC og Mac) ved å taste ALT+SKIFT+-, men på PC kan du og skrive ALT+0150 på det numeriske tastaturet.
Sei NEI til amerikansk kulturimperialisme — JA til norsk teiknsetting!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

5 kommentarer:
Eg er samd med deg. Men desse talkodane, dei funkar ikkje på den berbare datamaskinen min. Så då må eg klyppa og lima, det gidd eg ikkje. Me burde kanskje starta ein kampanje for å få teikna inn på tastaturet.
I GNU/Linux ligger disse tegnene som regel på AltGr+Z og AltGr+X. Praktisk.
I GNU/Linux ligger disse tegnene som regel på AltGr+Z og AltGr+X. Praktisk.
Hmmm. uenig
Tegnsetting som gjør at du må kunne noen helt sære koder? Nei takk!
Noen får lage en ny tast eller en enklere kombinasjon. Det skal ikke være vanskelig å skrive norsk på Pc eller mac
Du har starta Flammen?
Legg inn en kommentar