I dag har eg støtt på ei levning frå fortida i norsk statsforfatning: Ei der New Public Management-språket ikkje har fått fotfeste.
At eg korresponderer med ei slik verksemd som her kan nok verke noko sært, men eg blei interessert etter å ha granska noteapparatet i ei bok. Eg skreiv slik:
«Forespørsel om innsyn -- Etter offentlighetsloven søkes det med dette innsyn i E-rapport 7/53:«Oversikt over NKPs virksomhet siste halvår 1952».»
Dei fleste forstår vel kva slags verksemd eg snakkar om no. Men det er svaret frå denne verksemda som er sjølve provet på at det finst nokre offentlege verksemder der kommunikasjonskonsulentar og anna rask ikkje har fått sleppe til:
«Din henvendelse er mottatt E-tjenesten og sendt saksbehandler. Du vil høre fra oss. Kolbjørn Rørnes Underdirektør Etterretningstjenesten.»
Dette er sensasjonelt! At det faktisk finst ein slags arkeologisk godt bevart kultur ein stad i norsk statsforvaltning, i dette tilfellet i E-tenesta, er oppsiktsvekkande. (Det går også eit rykte om at E-tenesta framleis nyttar nemninga kontor om ulike einingar i organisasjonen, så som «3. Kontor» eller «Kontoret for direksjonens understøttelse». Om E-tenesta framleis nyttar denne nemninga, er det fantastisk! Kontor-nemninga blei nemleg utradert frå norsk statsforvaltning på slutten av 80-talet, då NPM kom inn i Noreg.)
Eg håper det er tryggleiksomsyn som har gjort at eksterne organisasjons- og kommunikasjonskonsulentar ikkje får tilgang til slike verksemder. Då har jo faktisk sånne lover om tryggleik noko for seg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

1 kommentarer:
Herrejesus! Du gir nerdene et enda mer psyko og umenneskelig ansikt, Matias. Men kjenner jeg deg rett tar du vel det som en komliment!
Legg inn en kommentar