12.15.2006

Idiotar i DN

Her om dagen laga vi i Bergen Målungdom utspel på det nyfusjonerte busselskapet Tide.

Målungdommen vil starta aksjeraid mot Tide

Bergen Målungdom har saman med Hordaland Mållag fleire gonger teke opp den manglande nynorskbruken i det nyfusjonerte samferdselsselskapet Tide med leiinga i selskapet. No har målungdommen fått nok: — Tide ser ikkje ut til å ta signala om manglande nynorskbruk alvorleg. Om dei ikkje no klårt seier at dei vil nytta nynorsk slik gamle HSD gjorde, vil Bergen Målungdom kjøpa seg opp i selskapet for å påverka målpolitikken gjennom generalforsamlinga.

Det kom ikkje noko oppslag i nokon stader på denne saka, men eg blei faktisk oppringt av ein journalist i DN.no. Eg skal kort referere samtalen under. Eg siterer denne dama på riksmål, for ho snakka faktisk riksmål, sjølv om ho høyrdest ut til knapt å vere 30.

Ring ring.
MF: Hallo, det er Mathias
DN: Ja, hei, dette er fra dn.no. Jeg har fått deres pressemelding om at dere vil starte «aksjeraid» mot Tide [hånleg flir]. Er dere klar over hvor mye det vil koste.
MF: Ja, sånn cirka 2,5 milliardar.
DN: Har dere så mye penger, da?
MF: Nei. Vi skal kjøpe nok aksjar til at vi får vedteke dette. Vi skal føreslå dette på generalforsamlinga. Då treng vi berre ein aksje.
DN: Jaha. Hvem skal dere kjøpe den av da?
MF: Selskapet er jo børsnotert då, og alle kan jo kjøpe aksjar...
DN: Nei, selskapet er ikke børsnotert! Jeg fant ikke aksjekursen!
MF: Då får du leite litt meir, då.
DN: [klikk, klikk]. Hmmm. Ja. Her var det.
MF: Ja, det ER faktisk børsnotert.
DN: Men hvorfor er dette sproget så viktig da?
MF: Du har tydelegvis aldri vore på vestlandet.
DN: NÅ STILLER JEG DEG SPØRSMÅL SOM BØRSSJÅRNALIST, SAKLIGE KONKRETE SPØRSMÅL OG SÅ ER DU FREKK MED MEG?
MF: Nei, men eg aksepterer at sånne ting kanskje ikkje er så lette å forstå i Oslo. Men nynorsk er ein sjølvsagt ting her på vestlandet. Det er Tide som gjer noko unormalt her. Før fusjonen brukte selskapet mykje nynorsk. No gjer dei ikkje det lenger.
DN: Mener De at selskapet skal sende børsmeldinger på nynorsk???
MF: Joaaaa... Det er vel ikkje så viktig. Men dei skal bruke nynorsk slik dei har lova, altså i informasjon, annonsar o.l. sånn som dei gjorde før.
DN: Men hvorfor bryr Dere dere om dette?
MF: No blir eg nesten frekk igjen....
DN: De må kunne svare for dem? Vil ikke dette medføre store utgifter for selskapet? Vil dette være i aksjonærenes interesse?
(Her blir eg så sint at eg snur om til nynorsk normaltalemål for å provosere henne. Ho merker det ikkje.)
MF: Jo. Om selskapet nyttar nynorsk vil dei få eit sterkare rotfeste og vil kommunisere betre med kundane sine og vil få ein sterkare marknadsposisjon. I ein situasjon med utanlandske aktørar vil jo dette gje Tide eit konkurransefortrinn.
DN: Hvorfor det?
MF: No blir eg nøydd til å sei dette igjen: Kjennskapen din til Vestlandet er tydelegvis dårleg. Har de ikkje ein vestlending, ein bergensar i redaksjonen?
DN: Nei, altså...
MF: Sorry altså. Forstår at det er kulturelt innsnevrande å vekse opp på Frogner.
DN: [klikk].

Det kom aldri noko sak i dn.no. Det forstår eg eigentleg godt.

4 kommentarer:

Kamerat Kjetil sa...

Hehe. Er ikkje ofte eg faktisk ler når eg les ein vlogg, men det gjorde eg no.

Brage sa...

Heheh. Sjøl om du i og for seg argumenterte godt skjønner jeg at journalisten droppa saka... :)

Arild sa...

Siste kommentaren din var forbanna bra, Mathias.

Anonym sa...

nynorsk er ikke noe viktig for store delere av vestlandet. Selv synes jeg nynorsk er det værste på skolen;)