3.30.2006
Brev
Eg elskar å skrive brev. No har eg og ein kamerat forfatta følgjande brev til Fylkeskommunen.
”Det er nøye”-kampanje – klage på lovstridig rapporteringsordning
Klagen gjeld ein kampanje skuleleiinga på Tanks Skole har sett i verk. Kampanjen freistar å innskjerpe praksis og rutinar når det gjeld forseintkomming, bråk og uro og reinhald.
Klagen rettar seg ikkje mot sjølve innhaldet og motiva bak kampanjen, men mot eit spesifikt punkt i kampanjeopplegget der tillitsvalde i klassane kvar dag skal skrive lister over lærarar som kjem for seint til undervisninga, og levere desse til rektor. Dette tiltaket blir framstilt som eit krav til dei tillitsvalde elevane.
Rektor er, som representant for dei offentlege styresmaktene, i bunden av ei negativ maktavgrensing. Eit pålegg til elevar må då ha eit rettsleg grunnlag i form av ein heimel i lov, forskrift eller vedtekt, eventuelt ein kontrakt eller avtale.
Når det gjeld dei andre tiltaka i kampanjen, er det klart at desse har eit klart heimelsgrunnlag i opplæringslova og i vedtekt for skulen. Vi kan ikkje sjå at det same er tilfelle med dette tiltaket.
Vi meiner difor at tiltaket er ulovleg. Vi ber opplæringsavdelinga om å instruere rektor Oddbjørg Høgset om å stogge dette tiltaket mellombels, til praksisen er vurdert i Opplæringsavdelinga.
Vi gjer merksam på at vi ser på dette som ei prinsippsak, og om nødvendig kjem til å klage praksisen vidare.

3.27.2006
3.26.2006
Kor ekkel går det an å bli?
Unge Høgre med bensin på bålet. Lærer dei aldri?
Frå XTRA 1-06
"Elever skal kunne velge hvilken skole de ønsker å gå på, og om de ønsker å lære nynorsk. (...)"
Står det på side 11. Rett over dette utsegnet står det eit lesarbrev frå Sogn og Fjordane Høgre på - ja, nynorsk.
Og vidare: Kristine Olsen Brakstad har vore på eit lobbymøte i USA for skattereform (lågare skatt, sjølvsagt). Republikanaren Grover Norquist, som har studert ved NHH, seier følgjande:
"De fleste nordmenn får amerikanske nyheter enten (sic) gjennom CNN som ikke fremmer et objektivt syn på vår politikk. Her er FOX News mye bedre."
Ting XTRA heim i postkassa, så får du mykje humor og mange skriveleifar heilt gratis.

Det er to typar folk her i verda
Det er dei som er ærlige og dei som ikkje er det.
I dag har eg møtt på ein ærlig ein. Han er bussførar på sørlandet, og når eg klarte å leggje att das Handy på bussen, då tok han ikkje telefonen sjølv og ringde grisetelefonar (takk for at det framleis finst gudsfryktige folk att i verda). Han ringte heim til meg, akkurat i det eg kom inn døra etter å ha vore på farten og brukt den tilmålte mobilfrie timen på propellflyet på å tenkje på korleis eg skulle takle dette tapet.
No sit eg att med eit positivt bilete av sørlendingar, og snart kjem ein telefon i oppkrav til meg.
Moralen er: Ikkje ring meg på mobilen dei neste dagane.

3.15.2006
Sommarjobb
No er det kanskje for seint å skaffe seg ein høveleg sommarjobb, men eg vil no har ein. Og då skaffar ein seg det.
Men så er det dette med kva ein høver til å gjere. Det fins mange typar sommarjobbar. Eg vurderer no å søke sommarjobb i BA, fordi eg trur resten av dei som vil ha sommarjobb der for det første ikkje kan skrive, og for det andre ikkje har noko å melde. Sjølv om eg då må skrive bokmål (eg har håp om at aksjonen har fått resultat til då, men ein veit jo aldri), så finst det vel verre ting enn bokmål. Engelsk, til dømes.
Eg har for vane å klage høgt og tydeleg når ting ikkje går som eg vil. No kan de lese korleis det gjekk når eg klaga til BT fordi dei ikkje ville skrive om aksjonen vår.
Vesentleg og uvesentleg
Dette temaet kunne ein ha lagt ut om i timesvis, og de får sikkert mange brev der folk klagar over at avisa ikkje bryr seg om dei. Eg skal vere kort.
Torsdag 9. mars hadde Bergen Målungdom ein aksjon mot Bergensavisen, der vi følgde opp tråden frå "Slepp nynorsken til"-aksjonen mot VG og Dagbladet. Vi ville skape ein debatt omkring gamle fordommar mot nynorsk, og å skape debatt om den kulturelle utviklinga i byen. Skal Bergen framleis vere ein tilnærma riksmålskommune? Bør ein ikkje jobbe for å rive ned skiljet mellom by og land, og heller rette fingeren mot Oslo?
Vi hadde laga plakatar (vedlegg I), laga flygeblad og underskriftslister [1]. Vi hadde sendt melding til redaksjonen om at vi skulle aksjonere. Kort sagt: Alt var taima og tilrettelagd.
Men ingen dukka opp.
Det vil sei: Vi delte sjølvsagt ut til BA-journalistane som kom på jobb. Vi blei sjølvsagt kjefta på av resepsjonisten i BA-huset. Og vi fekk sjølvsagt mange kommentarar, både positive og negative.
Men BT var der altså ikkje.
Det at media gjennom prioritering avgjer kva som er vesentleg og kva som er vesentleg, er ungdomsskulepensum. Difor skulle ein tru at dei som steller med slikt, alså reportasjeleiarar, vaktsjefar og deskleiarar, tenker mykje på dette.
Etter denne hendinga trur må eg tru om att.
For greitt nok. Aksjonen måtte sjølvsagt gå føre seg på eit tidspunkt der alle sit/skal/er på veg i/til møte. Så når ingen (NRK Hordaland skal kjeftast på dei òg) dukka opp, så tenkte vi at dei sikkert ikkje hadde folk nok, at Michael Jackson var på Flesland eller at det var storbrann i Salhus. Ok, men det kjem vel ein notis då? Eller kanskje ein telefon og eit seinare intervju?
Nei. Ikkje ein gong ein notis er det plass til. På ein dag der BT elles kan fortelje oss at det er opptil fleire kunstutstillingar i
byen (side 38), eit intervju med ein samtidsdramatikar (side 36), at teatersjefen er overraska (s.st.), endå eit intervju, denne gongen med ein komponist (s.st.), ei filmmelding (s.st.), reklame for ein rockekonsert (s.st.), ei konsertmelding (side 35), at DNS må avlyse (tek denne saka aldri slutt? – s.st.), at Jakob Sande er aktuell att (bra! – s.st.), at det norske teatret går bra (med NTB-melding på bokmål!, s.st), teatermelding for vekerevyen (s.st.), endå ei konsertmelding (s.st) og eit intervju med DumDumBoys (s.st.).
Men altså ikkje oss. Vi er ikkje vesentlege. I konkurransen med tilårskomne rockestjernar, ein teatersjef og ein samtidsdramatikar, så tapar vi. Det var ikkje noko anna å vente.
Men kva har alle desse nyheitene til felles? Kva er det som vi manglar, og som desse sakene har?
Det er ikkje vi som manglar noko. Det er faktisk dei sakene som står på trykk, som manglar noko. Dei manglar eit samfunnsperspektiv, dei er ikkje framtidsretta. Ingen av dei handlar om den sosiale og kulturelle utviklinga i byen.
Det gjorde vår sak, vår nyheit og vår aksjon. Men vesentleg var det altså ikkje. Kanskje var saka vår bom. Kanskje er vi irrelevante (sjølvsagt er ein ikkje irrelevant. Det er andre som gjer ein irrelevant).
Er det aktualitetskriteriuma som gjer at slike saker fell igjennom? Vi veit, jada, det ville gå 24 timar frå aksjonen fann stad til folk ville ha lest om han i BT. Men likevel kom det ikkje noko på BT.no (der dekte dei heller rivinga av eit frelsesarmehus).
Er ferskheitskriteriuma blitt så einerådande som det verkar som? Er det slik at ting ikkje er nytt om det ikkje skjer klokka 23 på kvelden, slik at BT kanskje kan ha håp om at BA ikkje har saka, og slik at ein kan imponere lesarane med å vere "sist" med noko som er "vesentleg"? Det verkar nemleg slik.
Sjølv om saka ikkje ville vere fersk neste morgon, så inneber ikkje det at saka ikkje ville vere vesentleg. Vi ville jo ha hatt like mykje rett (eller feil), om saka hadde stått på trykk i går, sist veke eller i morgon. Det er ikkje ei hendingssak, det er ei meiningssak, det er ei sak som avisa anten kan velje å løfte fram, eller å teie i hjel. Eg skal ikkje underslå at det i mange saker er fristande å teie folk i hjel, og ved nokre høve er det også rett. Det gjeld mellom anna at BT ikkje brukte mykje spalteplass på det pinlege opptrinnet 8. mars, der "modellpappa" lufta sexslavane og "bimboene" sine. Ved slike høve tar
avisa eit standpunkt, som er å teie dei i hjel. No har BT teia oss i hjel. Då har de òg gjort eit val. De har gjort oss uvesentlege, og eg meiner openbart at det er feil.
No blei dette kanskje lenger enn godt er, difor skal eg slutte no. Eg håpar at denne saka var ein glipp. Eg forstår at det i store
organisasjonar kan vere tvil om ansvar og "nokon gjer vel dette". Men om denne saka er uttrykk for ei generell haldning i avisa til folk som vil presentere og fremje nye tankar og sette nye saker på dagsorden, så kan de heller pakke saman. Og så kan de vere sikker på at de gjekk glipp av starten på ein kamp vi kjem til å vinne.
God Helg.
Og svaret frå lesarombod Terje Angelshaug:
Gode Mathias Hunskår Furevik
Takk for inspirert og inspirerande brev. Eg veit ikkje om du har sendt det til fleire her på huset. Spørsmålet ditt om kvifor BT prioriterer slik og sånn, men ikkje sånn og slik, er ikkje lett å svare fullstendig på.
Det korte svaret vil vere at prioriteringane er tilfeldige, men det blir for enkelt, sjølv om mykje er tilfeldig, i alle fall enkelte dagar.
Kanskje er det nærmare sanninga å seie at BT blir eit resultat av dramatiske hendingar som må dekkjast, initiativ frå sterke kjelder og idéar, ofte sprunge ut av journalistane sine personlege interesser. Det ser du kanskje særleg tydeleg innanfor kultur og sport. Der dominerer musikksjangrar journalistane likar og fotball som dei fleste av journalistane sjølv driv med.
Eg likte samanlikninga di mellom innhaldet i kulturdekninga til BT og aksjonen de målungdomar hadde mot BA. Du har heilt rett i at samfunnsperspektivet svært ofte manglar i kulturdekninga til BT. Kor mange viktige samfunnsdebattar har starta på kultursidene til avisen?
BT har aktive og medvitne målfolk i redaksjonen, men dei var kanskje ikkje på vakt den dagen de aksjonerte? Hadde ein av dei vore der, ville aksjonen fått dekning. Det viser litt om kor tilfeldig ting også skjer.
Eg skal formidle innlegget ditt vidare til eit internt elektronisk diskusjonsforum redaksjonen har. Eg trur mange vil lese det med interesse.
Det var gildt å høyre frå deg. Kom gjerne innom eller skriv om du har meir på hjarta.
Beste helsin
Terje Angelshaug
Lesarombod
No håpar eg dei får så dårleg samvit at dei berre må ha oss på førstesida neste gong. Men dei skal ha ros for at dei svarer skikkeleg og ordentleg, i alle fall. BA har jo ikkje skrive noko på leiarplass om aksjonen, sjølv om 24 % av lesarane vil ha meir nynorsk i avisa. Dei siste dagane har det også vore mange gode innlegg for nynorsk på debattsidene på BA.no, sjølv om protestane mot "fjøslatin" framleis nok er i fleirtal. Men ein får seie som mange politikarar har sagt før, er det alltid fleirtalet som har rett? I denne samanhengen må eg og ta med noko eg leste for nokre dagar sidan, i samband med eit fylkeskommunalt vedtak. Fleirtalet argumenterte ikkje for korfor det var nødvendig å spare pengar. Då skreiv ein kamerat av meg: "kva skal ein med vett og tanke, når ein har fleirtal?". Det var godt sagt.

3.14.2006
Ein slaktar på rom 208
Ein slaktar på rom 208
Dear Oddbjørg,
Du er intervjua i skuleavisa om skulesamanslåing og samarbeidsavtalen som Tanks, BHG og Bergen Katedralskole er blitt pålagd å inngå. Der uttalar du deg også om planar for eit eventuelt nytt skulebygg og nedlegging av Tanks.
Det er fleire ting som er verdt å kommentere.
For det første: Dei tre skulane er pålagd å spare ein halv million i 2006, og ein heil million i 2007.
Dette er KONKRETE innsparingspålegg, som får KONKRETE følgjer.
Ein skulle gjerne ønskje seg at røynda var betre enn ho er. Men røynda er no slik at i eit budsjett som allereie er kutta til beinet og der det ikkje er pengar til vikarar, får ein innsparing konkrete FØLGJER (dette er ein grunnleggjane vitskapleg lov som blir kalla årsak-verknad). Konsekvensane av dette har rektor tydelegvis ikkje informert journalisten frå skuleavisa om, så då kan jo eg gjere det her.
Rektorane på dei tre skulane har, styringsdyktige og endringsvillige som dei er, utforma ein samarbeidsavtale. Av denne går det mellom anna fram at:
1. Han/ho som er systemansvarleg for IT-parken blir overflødig, og blir erstatta av såkalla "merkantilt personell". Dette skal ein spare ein del pengar på, sidan folk med fagbrev i IKT-drift er mykje billigare enn lektorar med universitetsutdanning og pedagogisk kompetanse. Dette er også slik at den nye skulereforma Kunnskapsløftet (som du sikkert har vore på mange kurs og møte om), krev meir aktiv PEDAGOGISK bruk av IKT, mellom anna ved at den nye læreplanen stadfester at digitale ferdigheitar er ein av fem grunnleggjande ferdigheitar. Om det er rett eller ikkje kan ein jo diskutere, men det er eit faktum. Den noverande systemansvarlege har slik kompetanse, men eg trur i du skal leite lenge for å finne IKT-driftsfolk med ped.sem. Altså blir undervisninga dårlegare, og kanskje direkte i strid med læreplanen – fordi skulen ikkje kan oppfylle kravet om pedagogisk bruk av IKT.
2. Sentralisering av fagtilbod. Dette blir kalla "auke av elevane sin valfridom", men det betyr vel heller i praksis at om du vel eit fag som ikkje er spesielt populært, altså med få elevar, så må du gå til ein annan skule, der ein kan samle opp elevar og lage større klassar. Fylkeskommunen har elles vore så elskverdige at dei har målt opp avstanden mellom skulane, og har konkludert med at det er går heilt fint an å gå mellom dei - sjølv i korte friminutt. Det fører jo mellom anna til at elevar som vil ha tysk som framandspråk i tredje klasse må velje engelsk i staden for. Trur du verkeleg at vi skal springe til BHG på fem minutt for å ha tre kvarter tysk for så å springe tilbake til skulen for ein time norsk? Realiteten blir jo at det er uaktuelt for elevar å velje dette faget. Altså rein nedlegging av fagtilbod, og ei innsnevring av kulturtilfanget – til berre å gjelde det anglo-amerikanske. Noko å vere stolt over, hæ?
3. Rektorane har også oppdaga noko interessant, nemleg at det ikkje er lett å spare pengar. Dei skriv difor at om ein konkret skal spare inn ein million kronar, så må ein kutte rammetimetalet. Rammetimetalet er eit mål på kor mange timar elevane skal ha i eit fag i løpet av eit år, og sjølv om det for oss elevar er freistande med meir fri og fleire planleggingsdagar, så er det no slik at det vil gå ut over undervisninga og læringsresultata.
Til saka om ny skule / flytting til Vitensenteret.
Det har vore framlegg og snakk i fylkeskommunen om nedlegging av Tanks, og flytting til eit nytt skulebygg ein annan plass i sentrum. Det har vore snakka om Nygårdstangen og Danmarkplass. Det verkar å vere planar av den typen som vi ofte får presentert i Bergen, nemleg såkalla luftslott. Mykje preik og lite handling.
Du seier: "Dette vil uansett ikke påvirke dagens elever".
Kjære rektor: Kva er dette for slags tøv? Det som ikkje gjeld oss, skal vi ikkje bry oss om? Er det moralen dagens rektorar forkynnar?
Då kan eg informere deg om at du bryt opptil fleire stortingsvedtak, lover og føreskrifter. I ”Generell Del” av læreplanen står det mellom anna mykje om at skulen skal leggje til rette for engasjement og medverknad frå elevane. Dette har også vore uttrykt på Stortingets talarstol mange gongar. Men det er vel slik at engasjementet blir farleg og utriveleg når det blir konkret. ”Det er fint med engasjement, så lenge det ikkje vedkjem oss”. Så når elevane i ei konkret sak krev eit ord med i laget, så blir det vanskeleg. Dobbeltmoralisme i praksis, altså.
For no har eg gått på Tanks i snart to år. Eg er blitt stolt av denne skulen, og det er ein skule eg trur vi alle ønskjer at framtidige ungdommar også skal få glede av å gå på. Det er ein skule med historie, det er ein skule med sjel og ein akademisk danningstradisjon ingen fylkeskommunane nybygg kan gjenskape. Eg trur eg har mange med meg når eg seier at eg er villig til å ofre blod, sveitte og arbeid for at nye generasjonar skal få oppleve å få undervisning av lærarar på denne skulen. I staden for å stadig akseptere kutt, formaningar, idiotiske føresegner og forslag frå inkompetente byråkratar og ikkje minst fylkeskommunane politikarar, burde vi ikkje kjempe for retten til å eksistere som eineståande kulturberar av ein skuletradisjon i Bergen? Burde vi ikkje det?
I staden for å ta opp kampen og få løyvingar til opprustning av denne horribelt falleferdige skulen, så gjer du følgjande.
Du planlegg saman med dei andre rektorane å kutte i undervisningstilbodet, gjere det dramatisk verre for elevar som vel ”upopulære” fag og medverkar til at ein lærar missar jobben som IKT-ansvarleg. Utan å mukke.
Dette er ille. Men kanskje det verste er det du ikkje gjer.
Bortsett frå enkelte kosmetiske endringar, så ser det ikkje ut til at du har løfta ein finger for å få rusta opp denne skulen. Arbeidet ditt har i alle fall ikkje gitt konkrete resultat. Eg kan godt tenkje meg at du forsiktig ymtar frampå i møte med fylkeskommunen at skulen akutt treng opprustning. Så har byråkratane fortalt deg at dei jobbar med å skaffe nytt skulebygg til deg og elevane dine. Så slår du deg til ro med det.
Kjære rektor: Eg skal ikkje påstå at eg har noko røynsle frå arbeid som rektor. Men i det korte livet eg har levd, så har eg lært meg ein ting. Og det er å aldri slå seg til ro med slike svar. Ein mann sa ein gong at ”fred er ei det beste, men at man noget vil”. Her har du tydelegvis slutta fred, og visjonane for å halde på Tanks som institusjon i Bergen er det heller smått med. Og eg har lært meg at om ein vil oppnå noko, så er det ikkje nok å vere audmjuk overfor fylkeskommunale byråkratar og politikarar. Då må ein krevje noko, ein må organisere seg, ein må setje hardt mot hardt. Det er openbart at desse papirflyttarane ikkje har respekt for skulen vår som kulturinstitusjon. Då er det berre ein ting å gjere. Då må ein vinne over dei, ein må overkjøre dei fullstendig og totalt. Kort sagt, det er dei eller oss.
Ut frå det eg kan lese i intervjuet, så går du velvillig inn for å flytte Tanks til eit betongbygg ein stad i sentrum, i staden for å kjempe for opprustning. Når eg tenkjer meg om, er det kanskje ikkje så rart.
For du er ikkje fremst mellom likemenn. Du er ein byråkrat, ein administrator, innsett av fylkeskommunen mot lærarane sin vilje, for å administrere og gjennomføre all toskeskapen dei finn på i høgblokka nokre hundre meter lenger borte (for ikkje å snakke om alt dei finn på å i den noko lågare blokka ved Einar Gerhardsens plass i Oslo. Men det er ei anna sak.) No har du altså fått beskjed frå fylkeskommunen om at skulen skal flyttast, det er ikkje håp om opprustning av skulebygget, det skal bli parkeringshus. Og då følgjer du lojalt opp.
I næringslivet kallar ein slike som deg for slaktarar. Du har din parallell i folk som Hydro-sjef Eivind Reiten og Norske Skog-sjef Jan Oksum. Det er folk som er innsett for å leggje ned, utan å ta omsyn til samfunnsinteresser eller interessene til dei tilsette. Du er ei slik. Og det er ikkje noko å vere stolt over.
Kjære rektor: På nettsida til Tanks er du oppførd som "tanksianer", altså ei kvinne som høyrer heime på Tanks, og som tydelegvis plasserer seg sjølv i ein bestemt tradisjon, nemleg ein tanksiansk. Det er ein tittel som krev noko, ein tittel som forpliktar. Du er ikkje verdig denne tittelen. Ein tanksianar kan ikkje gå inn for å legge ned sin eigen skule. Ein tanksianar må kjempe til siste slutt for å halde på denne levande akademiske tradisjonen midt i sentrum. Når du ikkje gjer det, er du ikkje ein av oss, men er gått i eitt med det fylkeskommunale byråkratiet.
Kjære rektor: Eg har ikkje tillit til deg som styrar for denne skulen. Eg vil at du overlet plassen til ein som har noko å kjempe for, noko ho brenn for og som har vilje til å gjennomføre dette. Det er eigenskapar du ikkje synest å ha. Då bør du gå av.

3.11.2006
Jo då
Det er ikkje akkurat noko nytt at nynorsk er ei vanskeleg sak for mange bergensarar. Men med aksjonen på torsdag, har vi verkeleg vekka bydyret og målhatet opp frå svevnen. Høyr berre her:
skulle vært skutt - latterlig.. nesten så latterlig at jeg tror de spøker.. vil de ha nynorsk avis så skaff seg en egen!!!!!!! resten av landet hater nynorsk!!!!!!!!!!!!
Eller:
For noe svada... Bergen er for Bergensere! Pronto... Vi skriver og snakker Bokmål,Riksmål! Bøndene får finne seg sin egen avis/strilemagasin...
Ta del i ordskiftet her.
Å drive målkamp i Bergen er altså livsfarleg. Men det er no så.
Debattantane på BA.no trur sikkert at vi no sit i ein djup kjellar og planlegg nye aksjonar medan vi syng folkesongar og rusar oss på Kefirmjølk. Og eg kan stadfeste at jo, det gjer vi. Vi gir oss ikkje før kampen er vunnen, og denne kampen kjem vi til å vinne. Mitt tips er at ein får lese nynorsk i BA før ein får lese det i Dagbladet. Og det seier ikkje reint lite om Dagbladet.

3.09.2006
Slepp nynorsken til - i BA!
Vi vil ha nyhende om Brann, daiar og vêret på nynorsk!
Bergensavisen er ei avis som dekkjer store nynorskområde. Likevel er det nynorskforbod i BA, og alt redaksjonelt innhald er på bokmål.
Bergen Målungdom meiner BA bør vere eit godt føredøme for nynorskbruk i Bergen, og oppfordrar avisa til å tillate nynorsk på redaksjonell plass i avisa.
"Muntlig bergensk er like nær nynorsk som bokmål", skreiv BA-redaktør Olav Terje Bergo på leiarplass 3. oktober 2004. Det meiner vi òg. Men kvifor skriv då ikkje BA på nynorsk? Nynorsk bør vere eit naturleg val for alle som snakkar bergensdialekt, men BA sitt målsyn stør opp om fordommar om at nynorsk ikkje passar for byfolk.
Fram for mangslungen nynorskbruk i Bergen: Opphev forbodet mot nynorsk i BA!
Bergen Målungdom - www.nynorsk.no
3.04.2006
Red Dawn (1984)

Det som er bra med fildeling, er at ein kan finne veldig eksotiske filmar, eventuelt veldig dårlege eksotiske filmar. I kveld har eg sett ein slik ein.
Red Dawn (1984)
Denne filmen handlar om nokre gutar og jenter og deira geriljakrig mot russarane (og cubanarane). Filmen går føre seg i eit USA som er invadert av russarane, og desse folka kjempar behind the lines, altså i utgongspunktet ganske ærefullt.
Men, dette er åttitalet, og ein må sjølvsagt nytte høvet til å demonisere russarane så mykje som råd er (med eit lite unntak! Ein cubanar oppfører seg menneskleg og er nesten pasifist på slutten av filmen).
Filmen startar med at gutane er på skulen, og der ser dei russarane og cubanarane komme i fallskjerm ned frå himmelen. Her er første svake punkt i filmen, nemleg kor dårleg taktikk russarane har. Dei landar altså ved skulen, og når dei kjem ned, så skyt dei på absolutt alt og alle. Gutane klarar sjølvsagt å stikke av, og dreg til ein bensinstasjon, der dei får alt dei vil peike på (skytevåpen også) av eigaren (han har NRA-emblem i døra godt synleg i filmen sjølvsagt). Med colabrett og campbells soup dreg dei til fjells.I mellomtida får vi sjå reine rambo-framferda frå russarane, som drep og øydelegg alt som står i vegen. I tillegg er den lokale kommandanten ein cubanar som liknar veldig på Lenin. Dei opprettar sjølvsagt dødsleire, der folk vert skotne medan dei må sjå Aleksandr Nevskiy og høyre den sovjetiske nasjonalsongen.
Men tilbake til gutta på skauen: Det kjem stadig soldatar på tur til området, og dei vert sjølvsagt drepne. I tillegg får dei etter kvart nokre granatkastarar, og det går sjølvsagt ut over tilfeldige russiske lastebilar på landevegen. I tillegg utfører dei nokre raid mot dødsleirane og til slutt mot byen dei har flykta frå.
Sjølvsagt ikkje ein amerikansk film utan kjærleik, og i denne filmen er det ein jagarflypilot som vert nedskoten, og som sluttar seg til geriljaen (han vert seinare skoten). Ein av jentene i gruppa vert sjølvsagt forelska i denne mannen. I tillegg vert ein av gutane skoten av sine eigne, etter at det vert avslørt at han har røpa kor dei befinn seg. Han vert avretta saman med ein russisk krigsfange ("Geneva convention? Never heard of it", seier kommandanten).
Eg skal ikkje røpe slutten, men kort sagt er dette ein svært blodig film, med 134 voldshandlingar i løpet av 120 minuttar (faktisk vart dette ny rekord i USA). Men det er også en svært interessant film om ein vil sjå demoniseringa av Sovjetunionen som forflata, tvers gjennom onde menneske (for all del, eg skal ikkje forsvare Sovjetunionen), og der deira einaste mål er at flest mogleg amerikanarar vert avliva i konsentrasjonsleire medan dei høyrer kommunistisk (ev. sosialimperialistisk) propaganda over høgtalaranlegget. Men ikkje forvent det heilt store, altså.
Abonner på:
Innlegg (Atom)