5.31.2006

Hurra for pedokratiet

Ein sympatisk innfødd språkbrukar vil t.d. vanskeleg kunne oppfatte at "heiraten italienisches Essen" er meint å skulle uttrykkje "ekte italiensk mat" eller at elle professeur skal vere ei fransk attgjeving av bokmålsuttrykket "hun lærer", og denne typen språkbruk blir derfor klart kommunikasjonsøydeleggjande. Eksempel på språkbruk som isolert sett ikkje øydelegg kommunikasjon, kan vere uttrykk som "tu parle" og "questo anno" eller skrivemåtar som "Medchen" o.l. Dei negative konsekvensane for tekster med slik språkbruk skjer når omfanget av han fører til at irritasjonsterskelen til den sympatisk innstilte innfødde språkbrukaren blir passert.

Ei tekst består av fleire språklege nivå, t.d. syntaks og ordval. Desse språklege nivåa blir gjensidig styrte av einannan og av føremålet med teksta og mottakarane av ho. I eit godt svar lyt derfor syntaks og ordval stå i eit planlagt forhold til einannan og utgjere eit samspel der nivåa tilpassar seg einannan.

Vurderingsrettleiing til skriftleg eksamen i B-språk. Eksamenssekretariatet 1999.

5.17.2006

17. mai (er ikkje så gøy) for alle

No er dagen over, eller som ein seier i Bergen: atter er dagen opprunden. Akkurat no HATAR eg 17. mai.

Toppen av kaka var då eg såg dei førtidspensjonerte snyltarane i 17. mai-komiteen i Bergen. Då fekk eg lyst til å spy på dei. Dei sit med sine kommunale løyvingar og har fine frokostar, lønsjar og sjampanje. Eg må bere skrapmetall og ein får ikkje stort anna enn kjeft. "Skal de ikkje spele no???" seier nokon frå sidelina kvart tjuande sekund når ein får ein gongs skuld ikkje spelar. Akkurat som om vi var late. Forbanna pakk; dei har aldri gjort noko anna enn å stå på sidelina og klage. ARRGH!!!

No har eg feira tiårsjubileum som 17. mai-traskar. På same tid vil mange streike for pensjonsrettane sine. Framlegg til ny ordning: Dei som har gått ti gonger i 17. mai-tog og spela, får pensjonere seg eitt år før dei andre. Når folk klagar og masar på at ein må ha levande musikk, SÅ FÅR DEI FAEN SVARTE BETALE FOR DET.

Skål!