7.25.2006

Det er bra med nynorsk

Nett no dirv eg på med ei omsetjing av nokre sider frå bokmål til nynorsk.

Det plar for så vidt vere grei skuring, men eg har nett oppdaga at det ikkje er mogleg å skrive tull på nynorsk. Det eg held på med no, er reklame for eit samarbeidsprosjekt mellom NMF og Norsk Tipping. Norsk Tipping er som vanleg på jakt etter god PR, og i dette høvet har dei hyra inn eit PR-byrå. Samarbeidsprosjektet er ei konsertstønad frå Norsk Tipping der korps kan vere med i ei "tevling" for så å bli "trukne ut" til å få pengar. Teksten er heilt grusom, det første eg spurde sjefen om var om teksten var laga at eit PR-byrå.

Ja, svara sjefen, og byrået heiter Creo Communications. Dei har til og med laga ein ferdig tekst som konferansieren på DRØMMEkonsertane skal lese opp. Den går slik.
”Denne konserten har fått støtte gjennom prosjektet ”Drømmekonserten”. Drømmekonserten er et av resultatene av samarbeidet mellom Norges Musikkorps Forbunds og Norsk Tipping. Norsk Tipping er generalsponsor for Norges Musikkorps Forbund og støttespiller til norske musikkorps.

Visste dere at ¼ av statens kulturbudsjett kommer fra Norsk Tippings virksomhet?

Fordelingen av overskuddet fra tippeselskapets virksomhet har endret seg gjennom tidene, og fordeles i dag mellom kultur, idrett og frivillige organisasjoner. Hvert år resulterer det norske folks spilleglede i over 1 milliard kulturkroner. Det betyr at vi alle vinner litt. Og det har også vi gjort gjennom Drømmekonserten”
Ekkelt, ikkje sant? Sånn tekst skal eg omsetje. Slik blei ingressen til ein tekst på nynorsk, men først på original:
Sammen med vår generalsponsor Norsk Tipping, gjør NMF dine korpsdrømmer til realiteter.
Og nynorsk:

Saman med vår generalsponspr Norsk Tipping, gjer NMF dykkar korpsdraumar til røyndom.
Håplaust, ikkje sant?


7.24.2006

Skarp observasjon av israelske soldatar

- De er ikke vanlige soldater, vet du. De er geriljasoldater. De er veldig smarte.

- Istraelsk soldat om Hizbollah.

7.20.2006

Eg har vore i banken / dagens ondskak

og det kjem til å bli lenge til neste gong.

Etter å ha avslutta jobben tidlegare (bankane må vere dei einaste som ikkje har langope)
skulle eg til banken for å ordne kontiane og tinge nettbank.

Det gjekk bra (bortsett frå at banksystem må vere like kompliserte å operere som det 
systemet eg p.t. bruker tida framfor.)

Eg har pengane mine i Sparebanken Vest og eg har hittil trudd at desse var hakket mindre 
ille når det kom til å pushe unødvendige finansprodukt.

Kunde"rådgjevaren" hadde tydelegvis provisjon på det han klarte å få kunden til å kjøpe 
(dei har sikkert sånn tavle der dei fører lister over den mestseljande "rådgjevaren" også), 
for det einaste han verka interessert i var å få meg til å signere på eit MasterCard.

Eg vil ikkje ha eit slikt kort, men han ga seg ikkje. Første gongen sa eg tja, vidare ut i samtalen 
snakka han heile tida om dette fantastiske kortet.

Eg sa igjen og igjen at eg ikkje har for vane å bruke pengar eg ikkje har, og at dette beviseleg var eit kredittkort med 17 % effektiv rente. Medan han putla med noko på dataen sin så sa han at han skulle ha ferie snart. 
Eg sa jo som sant er, at det er kjipt i sitte på kontor når det er fint vêr. 

Ja, det sa han seg samd i, men la til: "Då er det jo kjekt å ta seg ein øl, og MasterCard 
funkar på alle serveringsstader".

Herregud, tenkte eg, men eg følgde med: "Betyr det at eg kan kjøpe øl utan dekning då", 
spurde eg, og mannen svara med eit oppglødd uttrykk i andletet: "Ja! Er det ikkje fint?". 
Han var truleg blitt tent av at eg viste interesse for "produktet" hans.

"Ja, det er ikkje så greit. Klarer ein ikkje å skrape saman pengar til øl, så får ein heller la
vere å drikke", svara eg han.

Så pensa han samtalen over på noko anna, og det var tid for signering av papir og sånt. 
Han hadde (eg hadde tydelegvis ikkje avvist han kontant nok) også skreve ut kontrakt for 
MasterCard og eg sa igjen at eg ikkje var interessert.

Då ga han seg, men kunne forsikre meg om at eg var i "porteføljen" hans, og at han sikkert 
ville ringe meg. Når han på slutten skulle sjekke adressa og telefonnummer, sa eg heldigvis 
ingen ting når han las opp feil mobilnummer. 

Eg tok jakka, fekk mine eksemplar av kontoavtale og dei to polaroid-bileta som ikkje var brukandes, og reiste meg for å gå. Eg hadde tenkt på å vere litt meir kontant med han; han hadde rett og slett vore for framfusen. Sånne folk fortener ikkje stort meir. Så då eg reiste meg, sa eg:

"Du får ha ein god sommar, sjølv om det ikkje blei sal til å spe på feriepengane med i dag. Om du er pengelens kan eg heller låne deg nokre kroner."

Du skulle sett uttrykket hans. Det var - priceless.

7.19.2006

Jobbetid

Ein driv på med så mykje om sommaren. Nokon klyppar hekkar, nokon sel pølser og porno på Narvesen. Andre gjer ingen ting, noko som vanlegvis er eit synonym for uhemma fyll og fanteri. No gjer eg faktisk ingen av delane, eg har fått sommarjobb på kontor. Riktignok ikkje veldig bra betalt, og kanskje litt einsformig. Eg skal nemleg (saman med ein annan) flytte ALT innhaldet frå denne sida over på ei ny. Den nye sida er laga i Oracle Portal, eit system som ikkje er heilt enkelt for å sei det slik. Det tek omlag femten minutt å legge til eit menypunkt på sida. Ein slik operasjon involverer ein god slump ulike menyar og verkty og, ikkje minst, fleire titals ting som skal skrivast inn. Enkelte delar av systemet er også utruleg åttitals, det er nemleg ikkje lov å ha filer med meir enn åtte teikn i filsystemet (sånn som bilete og PDF-filar). æøå er heller ikkje lov. Og dette systemet kostar pengar. Mykje pengar. Om ikkje det var nok, så er arbeidet ditt også å rette skrivefeil og ortografi. Eg kunne hatt dette som jobb aleine, det er verkeleg katastrofale sider ein av og til kjem over.

No er det litt farleg å skrive så mykje om jobben sin, så eg skal slutte her. Til andre som vurderer ein jobb som involverer Oracle-skit; tenk dykk om.

Til høgre ser dykk noko eg laga til ei side i dag. Det var jo litt kjekt, sjølv om det berre var til test. Og så kom eg på ein annan kjekk ting, eg arbeider på ein stor kontorpult og har to skjermar til arbeidet. (Og så er kontoret reint, det er god lunsj og fri kaffi.) Alt i alt ikkje så ille altså.

7.04.2006

Ja, dei har internett mange stader

også på skular, der rektor tydelegvis har glømt å skru av internett for sommaren. Noko som fører til at eg kan snylte på Fredrikstad Kommune, medan eg er på sommarleiren til målungdommen.

Elles fekk jo omsetjinga av vedtektene til HSD konkrete resultat, med rask melding frå administrerande direktør og etterfølgjande oppslag i BT.

Slik svara direktøren:

Hei Mathias,

Det er kjekt å se at det er engasjement rundt denne saken. I en så stor organisasjon som vår er det mange hensyn å ta og vi kan derfor ikke garantere at vi kan etterkomme deres ønsker om vedtekter på nynorsk. Som du sikkert vet er imidlertid nynorsk fortsatt mye brukt i HSD, både i tale [dette blir spanande, blog. m.] og i korrespondanse og i andre formelle dokumenter, og slik vil det sikkert fortsatt være i lang tid.

En riktig god sommer til deg også :-)

Gunnar Buvik


Eg ser fram til å høyre bussjåføren ønskje velkomen ombord på normaltalemål neste gong. Spørsmålet blir kva slags normal det blir? Kanskje det blir ledig ei stilling som språkkonsulent i HSD, ehh, tide ?

7.03.2006

Sitatet

Et møte skal ha et formål og en mening


En ordstyrer bør ha ei klubbe. Og den bør brukes med forstand. Ei klubbe skal ikke hamres i bordet i tide og utide, da lager den bare bråk.


Einar Gerhardsen: Tillitsmannen. Tiden Norsk Forlag, 1988.

7.02.2006

Målarbeid er kjekt

No for tida snakkar ein ikkje om anna, ja, det gjeld bussfusjonen mellom Gaia Trafikk og HSD. I RV brukte vi eit heilt nachspiel på å diskutere oss fram til resultatet: RV skal røyste for fusjonen berre det blir nynorsk i det nye selskapet.

Slik gjekk det jo ikkje. Men sidan det er fri og mykje tid til overs (haha) så har eg skrive eit utkast til nye vedtekter for det fusjonerte selskapet. Eg tenkte å sende det inn til HSD og Gaia Trafikk for å høyre kva dei tenkjer om det.

§ 1 – Firma

Selskapet sitt namn er _______ ASA. Selskapet er eit allmennaksjeselskap.

§ 2 – Forretningskontor og hovudadministrasjon

Selskapet skal ha forretningskontor og hovudadministrasjon i Bergen. Selskapet ha nynorsk som forretningsspråk.

§ 3 – Føremål

Selskapet sitt føremål er å driva transport- og reiselivsverksemd, og anna tilknytta verksemd.

§ 4 – Aksjekapital

Aksjekapitalen i selskapet er NOK XXX fullt innbetalt og fordelt på XXX aksjar á NOK 20. Aksjane skal vera registrerte i Verdipapirsentralen.

§ 5 – Styret

Selskapet skal ha eit styre på mellom 7 og 11 medlemer, der inntil 3 medlemer skal vera valde av og mellom dei tilsette. Bedriftsforsamlinga vel dei andre medlemene i styret, mellom dei leiaren og nestleiaren i styret. Samansetninga av styret skal i størst mogleg grad gjenspegla aksjonærsamansetninga i selskapet.

§ 6 Bedriftsforsamling

Selskapet skal ha ei bedriftsforsamling på 24 medlemer. 16 av medlemene vert valde av generalforsamlinga for ein periode på to år. 8 medlemer vert valde av og mellom dei tilsette. Samansetninga av bedriftsforsamlinga skal i størst mogleg grad gjenspegla aksjonærsamasetninga i selskapet. Bedriftsforsamlinga vel sjølv leiar og nestleiar. Bedriftsforsamlinga held møte når leiaren av bedriftsforsamlinga ønskjer det, når styret ønskjer dette, eller når minst 1/6 av medlemene i bedriftsforsamlinga krev det.

§ 7 – Valnemnd

Selskapet skal ha ei valnemnd, som vert utgjort av leiaren av bedriftsforsamlinga, samt tre medlemer som vert valde av generalforsamlinga. Dei tilsette har rett til å møte i valnemnda med ein medlem når nemnda skal innstilla på leiar og nestleiar i bedriftsforsamlinga, og når nemnda skal innstilla på leiar og nestleiar i styret.

Leiaren av bedriftsforsamlinga skal også vera leiar av valnemnda. Funksjonstida for medlemer av valnemnda er to år. Medlemene av nemnda kan attveljast.

Valnemnda skal leggja fram framlegg om aksjonærvalde medlemer til bedriftsforsamlinga. Vidare skal nemnda innstilla på godtgjersle for medlemene i bedriftsforsamlinga og styret.

Valnemnda skal sjå til at deira framlegg til aksjonærvalde medlemer til bedriftsforsamlinga i størst mogleg grad gjenspeglar aksjonærsamansetninga i selskapet.

§ 8 – Generalforsamling

Det vert kalla inn til ordinær generalforsamling ved skriftleg melding til alle aksjeeigarar med kjend adresse seinast to veker før møtet vert halde. Ved innkalling til generalforsamling kan styret avgjere at aksjeeigarar som vil ta del i generalforsamlinga må melda dette skriftleg til selskapet innan ein frist som ikkje kan løpa ut tidlegare enn fem dagar før generalforsamlinga skal ta til.

Generalforsamlinga skal førehava:

Melding frå revisor og fråsegn frå bedriftsforsamlinga.
Godkjenning av rekneskap og årsmelding, og utdeling av utbytte.
Val av medlemer til bedriftsforsamlinga.
Fastsetjing av godtgjersle til revisor og medlemer av styret og bedriftsforsamlinga.
Andre saker som etter lov eller vedtekt høyrer til under kompetansen til generalforsamlinga.

Leiaren av bedriftsforsamlinga leiar generalforsamlinga. Om leiaren ikkje er til stades, leiar nestleiaren møtet.

§ 9 – Signatur

Selskapet vert teikna av leiaren av styret og administrerande direktør i fellesskap, eller av to styremedlemer i fellesskap. Styret kan gje melding om prokura.