1.29.2007

Marsj, marsj

Dei fleste har vel på eit eller anna tidspunkt oppdaga at det dei lasta ned frå nettet kanskje ikkje akkurat var det dei hadde venta.

Vel, eg liker marsjmusikk, og då spesielt militærmarsjar. Det er ei av årsakene til at eg høyrer på programmet «Takt og tone», som P2s korpsmagasin vert kalla. Eigentleg er det berre marsjmusikk der (av og til er det opptak frå konsertar frå 1980-åra, ein gong var det den tsjekkiske armes musikkorps sin konsert på Dokka i 1981). Eg kritiserte før dette programmet for å ikkje ha nok samtidsmusikk, men no liker eg programmet meir og meir.

Uansett. Då eg kom over «Deutsche Militär Märsche» på nettet, måtte eg berre laste ned.

Då fila var lasta ned, vart eg møtt av dette:


Av innhaldet kan nemnast:

– Fanfare 1. Panzerdivision
– Triumpfmarsch der Wehrmacht in Paris 1941
– Alte Kameraden
– Fliegermarsch

Altså relativt penible saker. Det ille er at eg faktisk har spelt ein del av desse...

1 kommentarer:

Arild sa...

Litt go gammal marsj-musikk er ikkje å væst. Eg likar godt Panzerlied :)